Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Organisasjonskonsulent

Søknadsfrist: 03.06.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast stilling som organisasjonskonsulent for studiestadane Førde og Sogndal

Hovuddelen (70%) av stillinga er definert som organisasjonskonsulent for Studenttinget på Vestlandet, og med særskilt ansvar for studiestadane Førde og Sogndal..

Studenttinget på Vestlandet (STVL) er det øvste studentpolitiske organet ved Høgskulen på Vestlandet. Studenttinget er eit lovfesta organ som skal ivareta studentane ved HVL sine interesser og fremme studentane sine synspunkt opp mot leiinga ved høgskulen, styret og andre aktuelle aktørar.

Organisasjonskonsulenten skal vere ein ressurs for studentdemokratiet og studentorganisasjonane ved HVL, både administrativt og politisk. Stillinga skal fungere som bindeledd i praktiske saker, sjå til at det er kontinuitet i samhandlinga med høgskulen og vere praktisk tilretteleggjar for studentdemokratiet og studentorganisasjonane.

I det daglege arbeider organisasjonskonsulenten saman med tillitsvalde i Studenttinget, og dei andre to organisasjonskonsulentane ved HVL. Stillinga har formell rapporteringsline til leiar for Avdeling for studieadministrasjon ved HVL.

Den som vert tilsett må rekna med noko ettermiddags- og kveldsarbeid. I samband med møter og konferansar i regi av Studenttinget, må du rekna med 2-3 arbeidshelgar i løpet av semesteret.

Arbeidsstaden er campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • sekretæroppgåver for Studenttinget, slik som innkalling, referat og praktisk tilrettelegging
  • oppfølging av budsjett og rekneskap for Studenttinget
  • gje råd til leiinga av Studenttinget i politiske saker
  • opplæring og oppfølging av tillitsvalde
  • andre førefallande administrative oppgåver

Resten av stillinga (30%) vert nytta til utdanningsadministrative arbeidsoppgåver for HVL. I utgangspunktet vil dette vere deltaking i arbeid med studentopptak/-rekruttering, men i denne delen av stillinga må det påreknast endringar i arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • høgare utdanning på bachelornivå eller tilsvarande. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning.
  • erfaring frå organisasjonsarbeid, politisk arbeid og/eller liknande arbeid innafor universitets- og høgskulesektoren vert vektlagd
  • grunnleggande kunnskapar om rekneskap og økonomistyring vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • serviceinnstilling og gode relasjons- og samarbeidsevner
  • gode språkkunnskapar i både norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • fleksibel og kan arbeide med fleire prosjekt parallelt
  • god IKT-kompetanse

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som organisasjonskonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Leiar for Studenttinget ved HVL, Henrik Waage Tjore, tlf 46 87 94 14

2) Avdelingsleiar Espen Fosse, tlf 91 75 93 32

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS