Stilling:

Førstekonsulent / Seniorkonsulent

Søknadsfrist: 13.11.2025

Dette er Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for studieadministrasjon er ein del av høgskulen sin fellesadministrasjon og høyrer til under prorektor for utdanning. Avdelinga har ansvar for eksamen, studentopptak og fyrstelinjeteneste, og eit medansvar for studentrekruttering.

Eining for eksamen har 27 tilsette fordelt ved alle fem campus: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.

No søker vi deg som vil vere med og bygge framtidas universitet!

Ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon, Eining for eksamen, er det ledig 100% vikariat som førstekonsulent/seniorkonsulent.

Om stillinga:

Stillinga er knytt til Avdeling for studieadministrasjon, Eining for eksamen, som har ansvar for organisering og gjennomføring av eksamen på campus Sogndal. Eining for eksamen har 27 fast tilsette, der 3 er knytt til campus Sogndal.

Eksamensarbeid er i stor endring i forhold til digitale arbeidsprosessar og stillinga vil vere med å forme utviklinga av dette.

Arbeidsstad er campus Sogndal og vikariatet er ledig i perioden 01.01.2026 - 31.12.2026.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Eksamensførebuande arbeid og gjennomføring av eksamenInformasjons- og rettleiingsansvar knytt til eksamensrelevante spørsmålAdministrasjon av digitale student- og eksamenssystemerSakshandsaming (søknads- og klagehandsaming av enkeltvedtak)Samarbeid med fakulteta sine faglege- og administrativt tilsetteAndre relevante ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formalkompetanse. Erfaring frå liknande arbeid i universitets- og høgskulesektoren vert vektlagtErfaring med sakshandsaming og administrativt arbeid i offentleg sektor er ein fordelGode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk, god skriftleg framstillingsevneGod digital forståing og kompetanse

Personlege eigenskapar:

Fleksibel, sjølvstendig, og med gode samarbeidseigenskaparTrivast med å jobbe i eit hektisk miljøServiceinnstiltLøysingsorientert og systematisk

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

Ei interessant stilling med varierte arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljøGode moglegheiter for kompetanseheving - og utviklingFleksitid og gode velferdsordningarGode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasseHøve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1363 - seniorkonsulent vurderast. 

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Søk stillingen

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

Einingsleiar Gunhild Raunsgard, tlf.: 55 58 76 28, e-post: gunhild.raunsgard@hvl.noAvdelingsleiar Espen Fosse, tlf.: 52 70 26 16, e-post: espen.fosse@hvl.no

Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider.

Powered by Labrador CMS