Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førstekonsulent, opptak og rekruttering - Avdeling for studieadministrasjon

Søknadsfrist: 26.10.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for studieadministrasjon har ansvar for eksamen, studentopptak og fyrstelinjeteneste. Avdelinga har om lag 55 tilsette fordelt på alle fem studiestader og samarbeider tett med fakulteta sine studieadministrasjonar.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig eit vikariat i 100% stilling over to år som førstekonsulent i Eining for opptak og rekruttering i Avdeling for studieadministrasjon.

Stillinga er ein del av Faggruppe for opptak og rekruttering der arbeidet i hovudsak er knytt til studentopptak og studentrekruttering. Arbeidsoppgåvene varierer gjennom året, frå hektiske periodar med mykje sakshandsaming til periodar med meir utviklings- og rapporteringsarbeid.

Arbeidsstad er eit av campusa våre i anten Haugesund, Bergen eller Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Førebu og gjennomføre opptak av studentar til studiepoenggjevande studietilbod
  • Sakshandsaming knytt til studentopptak
  • Informasjon og rettleiing av søkjarar
  • Samarbeid med fakulteta og andre einingar i fellesadministrasjonen
  • Andre studieadministrative oppgåver

Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Utdanning på bachelor- eller masternivå. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning.
  • Erfaring med sakshandsaming i offentleg sektor og/eller rettleiing vil vere ein fordel.
  • Erfaring frå arbeid med studentopptak vil vere ein fordel.
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar:

Me ser etter ein positiv og imøtekomande medarbeider som har ei god serviceinnstilling. Du må vere ein initiativrik person som jobbar god saman med kollegaene dine – både dei nærast i faggruppa og i organisasjonen elles. Sjølv om samarbeidsevner er viktig, må du også kunne jobbe sjølvstendig. Du må i tillegg ha god arbeidskapasitet og kunne takle ein hektisk arbeidskvardag.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 førstekonsulent. Stillingskode 1363 - seniorkonsulent kan vurderast for særleg godt kvalifiserte søkjarar

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagansvarleg opptak og rekruttering Unni Beite Rogvin, 55 58 71 54

2) Avdelingsleiar Espen Fosse, 52 70 26 16

Søk stilling

Powered by Labrador CMS