LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar / formidlar - Læringslaben

Søknadsfrist: 31.01.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Eining for utvikling av læring og undervisning (ALU) har ansvar for høgskulen sitt UH-pedagogiske arbeid. Ansvarsfeltet favner utdanningsfagleg kompetanse der fagdidaktikk og digitale arbeids- og læringsformer er viktige komponentar. ALU har ansvar for at høgskulen har eit solid tilbod til tilsette innanfor UH-pedagogikk, gjev støtte til digitale arbeids- og læringsformer og tilretteleggje for sterke fagdidaktiske miljø i høgskulen sitt utdanningstilbod. ALU deltek og aktivt i HVL si forsking på eigne utdanningar.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning - Meidielab - har ledig stilling som rådgjevar/formidlar

Om stillinga:

Den ledige stillinga er ei fast 100% stilling som vertskap og formidlar i den nye Læringslaben ved høgskulen.

Stillinga er knytt til Medielab, som er ein del av Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) i linja til prorektor for utdanning. Medielab er ansvarleg for drift av Læringslab ved alle campus.

Vi søkjer ein motivert og kompetent medarbeidar med høg kompetanse i pedagogisk bruk av ulike typer læringsteknologi, formidling og medieproduksjon. Stillinga vil gje den som vert tilsett høve til å arbeide med varierte oppgåver i eit kreativt miljø, som vil gje ettertrakta kompetanse og erfaring. Naudsynt opplæring vil bli gitt.

Arbeidsstaden er campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Pedagogisk og teknisk brukarstøtte og rådgjeving i Læringslab.
  • Booking av rom og utstyr til utlån.
  • Drift- og vedlikehaldsansvar for utstyr i Læringslab, inkludert video- og AV-utstyr.
  • Søtte til video- og multimedieproduksjon for digital læring og audiovisuell dokumentajson.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant pedagogisk og/eller teknisk utdanning på minimum bachelornivå.
  • Dokumentert høg digital kompetanse.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kunnskap om ny læringsteknologi.
  • Pedagogisk kompetanse/erfaring.
  • Kompetanse i video- og multimedieproduksjon, VR.
  • Erfaring frå team- og prosjektarbeid.

Personlege eigenskapar:

  • Kreativ
  • Nysgjerrig
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Interesse for å utvikle eigen kompetanse innanfor Læringslab sine ansvarsoppgåver

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som rådgjevar/formidlar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Seksjonssjef Sigrid Jordal Havre, tlf.: 55 58 58 15 / 932 19 381, e-post: sigrid.jordal.havre@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS