Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Kommunikasjonsrådgjevar - 2-årig prosjektstilling

Søknadsfrist: 27.09.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ansvar for å legje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelingen er pådrivar og tilrettelegjar for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt, har ledig stilling som rådgjevar

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet leiar eit nasjonalt arbeid som skal få fleire menn til å velje lærarutdanning for dei yngste elevane. I tillegg skal prosjektet få fleire mannlege søkjarar til barnehagelærarutdanning og søkjarar med innvandrarbakgrunn til lærarutdanningane. Prosjektet er eit oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, og det inneberer eit samarbeid med andre høgskular og universitet, i tillegg til relevante organisasjonar og instansar.

Vi ønskjer no å styrkje prosjektet med ein kommunikasjonsrådgjevar i ei 2-årig prosjektstilling i perioden 15.10.2020 - 30.06.2022.

Arbeidsstaden er Sogndal, Stord eller Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Du vil jobbe inn i prosjektet med mange ulike oppgåver. Du vil mellom anna organisere, koordinere, følgje opp og produsere innhald for våre rollemodellar som drar på besøk og turné til skular etc., og du vil vere viktig i samarbeidet vi har med relevante aktørar i prosjektet. Du vil også vurdere og følge opp mediebildet. Ei anna viktig oppgåve blir å produsere godt innhald både skriftleg og visuelt til ulike kanalar.

Kvalifikasjonskrav:

  • høgre relevant utdanning på minst bachelornivå, fortrinnsvis master
  • erfaring med prosjektarbeid og strategisk kommunikasjonsarbeid
  • god forståing for og kjennskap til media
  • eit godt journalistisk språk
  • teft og interesse for påverknadsarbeid
  • evne til raskt å sette seg inn i komplekse saker, sjå gode vinklingar og formulere tydeleg bodskap, vil bli vektlagt
  • gode framstillingsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • god rolleforståing
  • sjølvstendig, ansvarleg og initiativrik
  • god gjennomføringsevne
  • gode samarbeidseigenskapar
  • fleksibel og imøtekommande

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Svein Ove Ekenes, tlf. 53 49 14 13 /916 16 520

2) Rådgjevar Bente Cathrine Janby Bakke, tlf. 55 58 57 10 / 930 78 004

Søk stilling

Powered by Labrador CMS