Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Kommunikasjonsrådgiver - Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Søknadsfrist: 01.10.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ansvar for å legje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.

Avdelingen er pådrivar og tilrettelegjar for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har en ledig stilling som kommunikasjonsrådgjever

Om stillinga:

Vi søkjer ein kunnskapsrik kommunikasjonsrådgjevar som kan vise til erfaring og resultat frå strategisk og operativt arbeid knytt til profilering, posisjonering, marknadsføring og merkevarebygging. Hos oss vil du vere ein viktig ressurs i arbeidet med å utforme gode, tydelege, heilskaplege profileringskampanjar, aktivitetar og konsept knytt til HVL sine strategiske satsingar.

Du vil inngå i fleire av Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt sine arbeidsområde.

Arbeidsstaden er Bergen

Ansvars -og arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføre marknadsanalyser og overvake trendar
  • Utvikle og gjennomføre kampanjar, aktivitetar og konsept knytt til HVL sine strategiske satsingar
  • Bidra i arbeidet med studentrekruttering
  • Gi fagleg støtte til fakultet og administrative einingar
  • Andre oppgåver kan tilkomme ut i frå høgskulens behov.

Kvalifikasjonskrav:

  • Utdanning på fotrinnsvis masternivå
  • God erfaring innan marknadsføring, samfunnskontakt eller kommunikasjonsarbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk og engelsk
  • God rolleforståing og gode samarbeidseigenskapar

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som komunikasjonrådgiver er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgiver.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Avdelingsleiar : Svein Ove Eikenes, tel. 53 49 14 13

Søk stilling

Powered by Labrador CMS