LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Kommunikasjonsrådgivar - Fellesadministrasjonen

Søknadsfrist: 11.12.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for kommunikasjon har ansvar for å leggje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fellesadministrasjonen, er det ledig ei fast 100 % stilling som kommunikasjonsrådgivar i Avdeling for kommunikasjon

Stillinga er lagt til campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

HVL søkjer ein erfaren kommunikasjonsrådgjevar i 100% fast stilling. Hovudoppgåva i stillinga er å støtte, styrke og utvikle arbeidet med formidling og intern kommunikasjon i Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Leiarstøtte vil vera ei sentral oppgåve.

Vi søkjer ein person som kan bruke si erfaring til raskt å føreslå og iverksette tiltak på både konkrete og strategiske utfordringar, og som kan arbeide parallelt med førefallande oppgåver og lengre prosessar. Stillinga set krav til både å kunne prioritere og produsere, og det vil gje rom for å påverke utviklinga av kommunikasjonsarbeidet ved høgskulen.

Rådgjevaren skal produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar og vil kunne ta del i ulike kommunikasjonsoppgåver -og prosjekt på tvers av avdelingar og campus ved høgskulen.

Særkilt kvalifiserte søkarar kan bli plassert i stillingskode 1364 - Seniorrådgivar.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Søkjar må ha høgare relevant utdanning frå universitet eller høgskule, helst på mastergradsnivå, og eit stort engasjement for høgskulens samfunnsoppdrag

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, ha gode språkkunnskapar og god skriftleg uttrykksevne, spesielt på nynorsk.

  • Du må ha god forståing for digitale kommunikasjonsflater.

Personlege eigenskapar:

  • Vi ser etter ein omgjengeleg og initiativrik medarbeidar som meistrar balansen mellom det å vera operativ med dagleg innhaldsproduksjon, og strategisk planlegging og rådgjeving. Personlege eigenskapar blir tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.

  • Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som kommunikasjonsrådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar, 1364 - seniorrådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar, Svein Ove Eikenes, 53 49 14 13

2) Nestleiar, Helge Olsen, 41 47 91 83

Søk stilling

Powered by Labrador CMS