Assisterande instituttleiar med ansvar for det maritime fagområdet
Søknadsfrist: 29.11.2023
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Kvart år uteksaminerer vi 3000 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.
HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing.
HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane. Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
HVL sin visjon er "Kunnskap som byggjer menneske og samfunn". Strategiske ambisjonar og mål har særleg merksemd på berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon, forankra i våre verdiar - inkludere, utfordre og samhandle - som kjenneteiknar identiteten og kulturen hos oss.
Med verknad frå 1. januar 2024 blir det etablert eit nytt fakultet ved HVL, som er resultat av ei samanslåing av dagens Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.
Fakultetet vil romme eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar.
Fakultet vil ha fem institutt med om lag 500 tilsette og 5700 studentar. Fakultetet vert leia av dekan som har det overordna ansvaret for den faglege og administrative verksemda ved fakultetet og som rapporterer til rektor. Hovuddelen av fakultetet si verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men fakultetet har også aktivitet ved campus Stord.
Institutt for maritime studium, maskin- og marinfag (førebels namn) er ei samanslåing av Institutt for maskin- og marinfag og Institutt for maritime studium.
På det nye instituttet er det om lag 900 studentar og 80 tilsette i Bergen og Haugesund. Instituttet har ansvaret for fagtilbod innan maritime utdanningar, maskinfag, marinteknikk, berekraftig produksjon og sirkulærøkonomi og energi- og havteknologi. Havrommet er ein fellesnemnar – saman med fagfelt som samhandling mellom menneske, organisasjon og teknologi (inkludert system), framtidas utfordringar i mellom anna grøn omstilling, og auka digitalisering og autonomi i maritim og marin sektor.
Instituttet vil 1.1.2024 ha ansvaret for sju bachelorprogram, to masterprogram og ph.d.-i Nautiske operasjonar. Det er fleire moglege vegar til gjennomgåande utdanningar frå bachelor til ph.d. i instituttet.
Assisterande instituttleiar - Institutt for maritime studium, maskin- og marinfag
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Institutt for maritime studium, maskin- og marinfag er det frå 01.01.2024 ledig ei 4-årig åremålsstilling som assisterande instituttleiar med ansvar for det maritime fagområdet
Om stillinga
Som assisterande instituttleiar vil du støtte instituttleiar i leiinga av instituttet og ha eit særskilt ansvar for det maritime fagområdet. Stillinga inneber personal- og HMS-ansvar for ein del av instituttet sine tilsette, og då først og fremst dei som er knytt til utdanning og forsking innan det maritime fagområdet.
Du vil òg ha fagleg og strategisk ansvar for instituttet sine studieprogram innan det maritime området, overordna ansvar for oppfølging av studentar i programma og ansvar for å støtte opp under forskingsaktiviteten i instituttet. Instituttet har ansvar for nautikkutdanninga ved HVL, og det vil vere assisterande instituttleiar sitt særskilte ansvar å sjå til at studieprogrammet følgjer krava Sjøfartsdirektoratet har til utdanninga, i tillegg til å følgje opp piloten Nautikk med integrert praksis saman med fagmiljøet i studieprogrammet.
Instituttet har eit utstrekt samarbeid med næringa, og ein sentral del av arbeidet er å bygge og vedlikehalde relasjonar med næringa og andre relevante aktørar. Du vil òg følgje opp og sette i gong etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med behova i næringa.
Som assisterande instituttleiar i eit nytt, samanslått institutt vil du saman med resten av leiarteamet få moglegheit å vere med og forme og utvikle retninga til både det nye instituttet og det nye fakultetet. Du vil inngå i og leie eit maritimt fagmiljø som er i godt driv. Det er òg moglegheiter for kompetanseheving og -utvikling.
Det kan inngå andre arbeidsoppgåver i stillinga etter avtale med instituttleiar. Døme på slike oppgåver er studieprogramansvar, relevante undervisnings- og/eller forskingsoppgåver eller andre leiaroppgåver Det vil også vere noko koordinering av oppgåver mellom Bergen og Haugesund, og det må påreknast ein del reiseverksemd mellom campusane.
Assisterande instituttleiar er del av instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag. Assisterande instituttleiar rapporterer til instituttleiar.
Arbeidsplassen vil vere i Haugesund.
Intervju til stillinga vert forsøkt gjennomført kort tid etter søknadsfrist, fortrinnsvis tidleg i veke 49.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Ivareta personal- og HMS-ansvar for ein del av instituttet sine tilsette
Ha ansvar for å lage arbeidsplanar og delta aktivt i personalplanlegging og ressursutnytting
Legge til rette for eit godt arbeidsmiljø både for dei tilsette i det maritime fagområdet og på instituttet
Legge til rette for at tilsette deltek i forskings-, utviklings- og innovasjonsprosjekt
Ha særleg ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sitt fagområde, og for oppfølging av krava til nautikkutdanninga etter STCW-konvensjonen
Ha ansvar for å følge opp piloten Nautikk med integrert praksis
Bidra med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnets behov og utvikle utdanningstilbod både på bachelor- og masternivå og innan etter- og vidareutdanning
Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på instituttet
Arbeide for internasjonalisering i utdanning og forsking
Medverke til god rekruttering av studentar og tilsette
Bidra til godt samarbeid på tvers av campus og på tvers av institutt
Bidra til å vidareutvikle relasjonane til instituttet sine samarbeidspartnarar
Ha ansvar å halde økonomiske rammer, og sikre formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL eller fakultetet
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Høgare grads utdanning, fortrinnsvis førstekompetanse, med relevans for fagområda for stillinga
Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fagområde
Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt, inkludert t.d. studieprogramansvar, forskingsgruppeleiing, leiing av større prosjekt mv.
Erfaring frå maritim næring og kjennskap til regelverk knytt til maritim utdanning blir vektlagt
Ønska kvalifikasjonar:
Brei erfaring frå det maritime fagområdet
Dekksoffisersertifikat klasse 1 (D1)
Oversikt over relevant eksternt regelverk og sertifikat for dei maritime utdanningane
Erfaring med å leia arbeid med kvalitet på studieprogram og/eller emneansvar i tråd med system for arbeid med kvalitet i utdanningane ved HVL og fakultetet
Generelle kompetansekrav:
God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar.
Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til relevante aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
God forståing for moglegheiter i digitale løysingar.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
Kan kommunisere, samhandle og bygge tillit og relasjonar internt og eksternt.
Kan delta aktivt i faglege diskusjonar og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre
Kan motivere og inkludere fagmiljøet med vekt på samarbeid og medverknad
Har evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
Har eit stort engasjement for å nå høgskulen og fakultetet sine ambisjonar.
Vi tilbyr:
Eit framoverlent fagmiljø i stor utvikling
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som assisterande instituttleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 - studieleiar
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenkje.
Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.