LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Senioringeniør - IT (Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering)

Søknadsfrist: 15.09.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.


Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver.

Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering har ledig stilling som senioringeniør IT ved campus Sogndal

Det er ledig ei fast stilling i 100% som senioringeniør ved campus Sogndal, med ønskje om snarleg oppstart.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga inngår i HVL sin servergruppe, som er ein del av IT-eininga.

HVL si IT-eining har 37 faste stillingar fordelt på fem campus og inngår i Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering.

Det å støtte opp om HVL si pågåande forskingsserverprosjekt vil bli ei viktig arbeidsoppgåve.

Kvalifikasjonskrav:

Kvalifikasjonskrav:

  • 5-årig høgare utdanning med relevant fagkrets (IT).
  • Dokumentert erfaring av fleire års varigheit med prosjektarbeid og prosjektleiing.
  • Operativ, "hands-on" erfaring frå IT og digitaliseringsprosjekt.
  • God kjennskap til fleire av dei følgjande fagområda: Windows Server, SQL, Microsoft Azure, VMware, Hyper-V, Linux og fysiske serverromsinfrastruktur.
  • Det er ein fordel om du har relevant sertifisering.

Personlege eigenskapar:

  • Er fagleg sterk og har ein levande interesse for serverteknologi, både skybasert og fysisk.
  • Er systematisk, ryddig og effektiv, både på eiga hand og i samarbeid med andre. HVL har fem campus og du må kunne jobbe godt i team på tvers av geografi.
  • Har gode samarbeidseigenskapar, kommuniserer og samarbeidar godt med kunder og kollega.
  • God framstillingsevne munnleg og skriftleg både på norsk og engelsk, og er komfortabel med å presentere eit prosjekt eller eit tema for ei forsamling.
  • Har solid erfaring og praktisk sans.

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med 5-årig høgare utdanning med relevant fagkrets, kan det bli aktuelt å tilsette som overingeniør, då med krav om minst bachelornivå med relevant fagkrets (IT).

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som senioringeniør / overingeniør er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1181 - senioringeniør / 1087 - overingeniør.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) IT-leiar Idar Magne Flemmen, e-post: idar.flemmen@hvl.no

2) IT-koordinator Knut Erling Øien, e-post: knut.oien@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS