LEDIG STILLING VED HK-DIR

Kommunikasjonsrådgivar

Søknadsfrist: 24.10.2021

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innafor høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgivar for Kunnskapsdepartementet, og iverksett politikken og samordner virkemidla.


Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høyskoler. Vi jobber for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.

Om stillinga

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har ledig eit vikariat i 100 % stilling som kommunikasjonsrådgivar (rådgivar/seniorrådgivar) ved Avdeling for kommunikasjon i Bergen, frå 1.januar 2022 til 31.desember 2022.

Avdeling for kommunikasjon består av elleve dyktige og engasjerte medarbeidarar og er leia av ein avdelingsdirektør. Avdelinga har arbeidsoppgåver innafor intern og ekstern kommunikasjon, formidling av kunnskapsgrunnlag, nettstader og marknadsføring av Direktoratet sine program og ordningar, mot ei brei målgruppe.

Den vi søkjer er skrivefør og erfaren, og skal produsere innhald i ulike kanalar samt gjere andre kommunikasjonsoppgåver i avdelinga. Vi søkjer etter deg som har interesse for kommunikasjon og formidling. Du må kunne jobbe sjølvstendig og systematisk, vere trygg og ha gode samarbeidsevner. Du må og kunne representere direktoratet i ulike fora. Vi legg særleg vekt på at du er godt eigna og motivert for stillinga.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrkje, og ønskjer medarbeidarar med ulike kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.

Arbeidsoppgåver

  • bruke tekst, bilet og video for å lage innhald til ulike kommunikasjonskanalar
  • formidle resultat frå ulike program og ordningar direktoratet forvaltar
  • gi råd og støtte om kommunikasjon internt i organisasjonen
  • ha kontakt med norsk utdanningssektor og relevante samarbeidspartnarar
  • bidra med anna kommunikasjonsfagleg arbeid

Krav til kvalifikasjonar

  • høgare akademisk utdanning eller høgare yrkesfagleg utdanning. Relevant realkompetanse kan kompensera for delar av utdanningskravet 
  • relevant arbeidserfaring
  • særs gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • god digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • erfaring med mediearbeid
  • erfaring med formidling av spesialisert kunnskap
  • erfaring med kommunikasjonsrådgiving
  • kjennskap til norsk utdanningssektor
  • erfaring frå offentleg forvalting

Vi tilbyr

  • eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
  • høve til opplæring og fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • gode pensjons- og låneordningar frå Statens pensjonskasse
  • høve til trening i arbeidstida

Lønsvilkår

Stillinga vert lønna som rådgivar (kode 1348) eller seniorrådgivar (kode 1364) innan lønsspenn kr 532 300 - 667 200, etter kvalifikasjonar. Trekk til pensjonstilskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Generell informasjon

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Innhaldet i stillinga kan verte endra som følgje av omstillingar i HK-dir.

Inkluderanse arbeidsliv og mangfaldArbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i folkesetnaden sin samla kompetanse. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere, til å søkje jobb hjå oss.  

Dersom kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn skal bli vurdert som søkar i ein av desse kategoriane, det vil seie positiv særbehandling, må det kryssast av for dette i Jobbnorge dersom du fyller krava. Avkryssinga i Jobbnorge dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Offentleg søkarlisteOpplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bede om konfidensiell behandling. Søkaren blir varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir imøtekome, jf. offentleglova § 25.

SøknadSøknad og komplett CV med oversikt over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge). Vi oppmodar om å gje tilgang til vitnemålsportalen

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Avdelingsdirektør Kristin Solheim på tlf. 932 28 523

Vidare kan ein vende seg til HR-rådgivar Grethe Isdahl på tlf. 416 39 559, for generelle spørsmål om stillinga.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS