Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innanfor høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk.
Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, og set i verk politikken og samordnar verkemidlane. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskular.
Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Vi vil gjere kvardagen enklare for brukarane våre gjennom gode digitale tenester og nettløysingar. Til det treng vi hjelp frå deg – ein dyktig rådgjevar/seniorrådgjevar med brei erfaring frå digital kommunikasjon og arbeid med nettsider.
Vi ser etter deg som er fagleg sterk, målretta og løysingsorientert og som trivst i eit breitt samarbeid med ulike miljø. Direktoratet har stor variasjon i målgruppene og ei kompleks portefølje av nettsider og digitale kanalar. Saman med nettredaktøren vil du jobbe med å etablere nye hkdir.no, og samtidig ha oppgåver knytt til drift av fleire av dei andre nettsidene våre. Du må kunne jobbe analytisk og strategisk, men òg operativt og nytenkande.
Stab for kommunikasjon har om lag 20 medarbeidarar fordelt på to avdelingar med kontorstad i både Oslo og Bergen. Denne stillinga har kontorstad i Oslo.
Arbeidsoppgåver
etablering, utvikling og drift av nye hkdir.no (www.hkdir.no)
forstå dei viktigaste brukarreisene og korleis ulike digitale løysingar og kanalar heng saman for sentrale brukargrupper
vidareutvikle og utføre måling, statistikk og analyse av brukaråtferd, og rettleie organisasjonen på desse områda
kartleggje behov, setje i gang og leie utviklingsprosjekt
rådgjeving knytt til digitale prosjekt – små og store
utarbeide og vedlikehalde retningsliner for innhaldsforvalting og arbeid med nettsider
rettleie organisasjonen om malverk, informasjonsarkitektur, lover og retningsliner (Klarspråk, Språklova, Universell utforming og personvern)
produksjon av nettsider
avløysar for nettredaktør
Kvalifikasjonskrav
høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet
relevant arbeidserfaring med drift og utvikling av nettstader
relevant arbeidserfaring frå prosjektarbeid
kunnskap om brukarorientert innhald og tilgjengelegheit
erfaring med måling, analyse og statistikk
gode språkkunnskapar i bokmål, nynorsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
strukturert og målretta
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
serviceinnstilt
Ønska tilleggskvalifikasjonar
erfaring frå offentleg forvalting
erfaring med rådgjeving og opplæring
kunnskap om informasjonsarkitektur og interaksjonsdesign
Vi tilbyr
lønnsplassering etter kompetanse
rådgjevar/seniorrådgjevar med ei årslønn mellom kr. 543 500,- og 677 600,-
for særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
fleksibel arbeidstid
høve til fagleg utvikling
moglegheit for trening i arbeidstiden
godt tilrettelagte lokaler i Oslo sentrum
medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gunstig pensjonsordning og moglegheit for bustadlån, til dette vert det trekt 2 % av lønna til lovfesta innskot
Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i den samla kompetansen i folkesetnaden. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere, til å søkje jobb hjå oss.
Dersom kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn skal bli vurdert som søkar i ein av desse kategoriane, det vil seie positiv særbehandling, må det kryssast av for dette i Jobbnorge dersom du fyller krava. Avkryssing i Jobbnorge dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentlig søkerliste
Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25. Søkarane vil i tilfelle bli informerte om dette på førehand.
Søknad
Søknad og komplett CV med oversikt over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge). Vi oppmodar om å gje tilgang til vitnemålsportalen (ei teneste utvikla på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, for å hente ut resultat frå høgare utdanning)