LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstelektor i berekraftstudia sin vitskapsteori

Søknadsfrist: 13.10.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstelektor i berekraftstudia sin vitskapsteori

Velkomen som søkjar til ei midlertidig 50 % stilling som førstelektor ved Senter for vitskapsteori. Stillinga har varigheit frå 1. januar 2025 til 31. desember 2026. Den som vert tilsett skal undervise på UiB sitt masterprogram i berekraft.

Senter for vitskapsteori (SVT) driv forsking innanfor og på tvers av fagområda vitskapsteori, vitskaps- og teknologistudiar (STS), forskingsetikk, ansvarleg forsking og innovasjon (RRI) og politisk filosofi. Meir om forskingsprosjekta ved senteret finn du her

SVT har ca. 30 tilsette i faste og midlertidige stillingar, inkludert ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Senterets tilsette underviser vitskapsteori og etikk i ph.d.-programma ved UiB og har i tillegg det faglege ansvaret for UiBs Masterprogram i berekraft, samt det tverrfaglege emnet Sentrale spørsmål i forsking og samfunn. Meir om undervisinga ved SVT finn du her.

Om stillinga:

Arbeidsoppgåvene i stillinga er undervising og undervisingsrelatert arbeid, i tillegg til administrative oppgåver. Arbeidet er knytt til UiBs masterprogram i berekraft. Stillinga inneber det faglege ansvaret for spesialiseringa "globale samfunnsutfordringar", samt for undervisinga på introduksjonsemnet "tverrfaglege tilnærmingar til berekraft". Arbeidet vil dessutan omfatte rettleiing av masteroppgåver og eksamensarbeid.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett tek del i dei daglege aktivitetane ved senteret.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjaren må ha dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang tilsvarar arbeidsmengde og nivå for ein doktorgradsavhandling innan fagområdet vitskapsteori med relevans for tverrfaglege berekraftstudiar. 
  • Søkjaren må ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse frå utdanning og/eller røynsle med undervising og rettleiing.
  • Søkjaren må ha relevant erfaring med undervising og rettleiing i tverrfagleg prosjektarbeid innan berekraftsfeltet, og med student-sentrerte undervisningsformer.
  • Søkjaren må kunne undervise på engelsk og norsk. 
  • Det er ein føremon med erfaring med forsking i berekraftsfeltet, samt erfaring med tverrfagleg forskingssamarbeid i skjeringspunktet mellom akademia, industri, forvalting og frivillig sektor.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner vert tillagt stor vekt. 

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. 
  • Løn tilsvarande lønssteg 72-76 (kode 1198) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei brutto årsløn på kr. 720.100-777.900 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdera høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar. 

Det er forventa at den tilsette hovudsakleg utfører sitt arbeid på campus ved Universitetet i Bergen, deltek i senteret si daglege drift og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. 

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev, inkludert ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte gradar (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning).
  • Fullstendig liste over akademiske publikasjonar, med lenker til fulltekst.
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk erfaring), undervisningsopplegg og/eller evalueringar gjennom ei utdanningsfagleg mappe.
  • Liste over vitskaplege publikasjonar, med lenker til fulltekst.
  • Namn og kontaktopplysningar til minst to referansepersonar.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Trykk her for rettleiing til utforming av søknad. 

Nærare om tilsetjingsprosessen her. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS