Ledig stilling på Universitetet i Sørøst-Norge

Fyrsteamanuensis i folkemusikk / dans

Søknadsfrist: 04.06.2020

Universitetet i Søraust-Noreg

Universitetet i Søraust-Noreg har om lag 18.000 studentar og ca. 1500 tilsette. Universitetet er organisert i fire fakultet, og har undervisnings- og FoU-verksemd på åtte campusar.


Universitetet sin hovudprofil er å tilby profesjonsretta, arbeidslivsorienterte og samfunnsrelevante utdanningar, i tillegg til forsknings- og utviklingsarbeid.

Fakultet for humaniora, idrett og utdanningsvitenskap har ledig fast stilling som fyrsteamanuensis i folkemusikk/dans

Om stillinga

Ved Fakultet for Humaniora, idrett og utdanningsvitenskap er det frå 01.08.20 ledig fast stilling i inntil 100% stilling som fyrsteamanuensis i folkemusikk/dans.Stillinga er knytt til Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, og næraste overordna er instituttleiar. Hovudarbeidsstad er p.t. Rauland.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Til stillinga ligg det ansvar for å koordinere undervisning knytt til samspel og hovudinstrumentundervisning på bachelor i folkemusikk, samt ulike studieadministrative oppgåver knytt til utvikling av studietilboda innan folkemusikk/dans ved instituttet. Til stillinga ligg det også undervising knytt til danseundervisning, scenisk formidling av folkemusikk/dans, utvikle høyrelærefaget for folkemusikk og undervise studentar med song/dans som sitt hovudinstrument.

Fagområdet er tradisjonskunst (inkluderar både tradisjonsmusikken og den materielle tradisjonskunsten/tradisjonshandverket) som kulturell, materiell og estetisk praksis.Både forskning og undervisning på instituttet har ein klar praksisorientering og praksisnærheit. Dette føreset at dei tilsette er aktive utøvarar, samt har undervisningskompetanse i praktiske/utøvande fag. Forskinga er i stor grad praksisrelatert, tematisk og metodologisk. Tradisjonskunsten har også ei sterk kulturteoretisk forankring gjennom at tradisjonskunsten kontinuerlig blir sett i kulturhistoriske, kunstvitenskapelige, antropologiske, sosiologiske og kulturpolitiske perspektiv. For den utlyste stillinga er det ynskjeleg at søkjaren kan vise til forsking og/eller kunstnarleg arbeid retta mot ein eller fleire av desse fagområda. Stillingsinnehavaren skal vera med på å skape ein heilskap i utdanningene, der både den kunstnarlege utøvende sida, den formidlende sida og den teoretiske forankringa blir sett i samanheng med allmenn kunst og kulturteori. Arbeidsoppgåvene er knytt til forsking, veiledning og undervising på campus Rauland. Den som blir tilsett er forventa å vera fagleg pådrivar innan fagfeltet, og bidra til utvikling av nasjonale og internasjonale nettverk. Den tilsette er forventa å delta aktivt i etablerte forskingsgrupper, og aktivt søke forskingsmidlar og prosjektstønad.

Undervisning på alle nivå ved undervisningsløp knytte til eige institutt, og ved andre institutt, kan bli aktuelt.

Universitetet har fjernundervisning og e-læring som satsingsområde, og den som vert tilsett må derfor kunne gje rettleiing og undervisning via digitale media.

Kvalifikasjonar

Stillingsinnehavaren må kunne dokumentere høg kompetanse innen eit eller fleire av arbeidsoppgåvene i stillinga.

Både bachelorutdanninga i folkemusikk og masterstudiet i tradisjonskunst har som målsetting å styrke både den utøvande kompetansen til studenten, og utøving er difor ei viktig kjelde til kunnskap i studia. Ein breid utøvarbakgrunn på høgt kunstnarisk nivå er difor ein føresetnad, og det er ynskjeleg at den som blir tilsett sjølv er utøvar.

Det er ynskjeleg at søkjaren har utøvande musikkutdanning i sin utdanningsbakgrunn og slik kan relatere kunstakademiske perspektiv inn i forsking og undervisning ved instituttet. Det er også ynskjeleg at søkjaren har god teoretisk og utøvande kunnskap omkring norsk folkedanstradisjon, både i sosial og scenisk kontekst. Utøvande verksemd vil bli vektlagt i rangeringen av søkjarane. Søkjaren kan sende inn dokumentasjon av eige arbeid innan eit eller flere av dei nevnte områda. Søkjaren bør kunne reflektere over kva slags relevans eigen skapande verksemd har i forhold til forsking- og undervisingsoppgåver som er lagt til stillinga.

Våre utdanningar skal vera forskningsbaserte, både når det gjeld undervisningspraksis og innhald. Me vil difor at våre underviserar skal ha erfaring frå, eller ha motivasjon til å fokusere på utvikling av undervisningspraksis og samspelet mellom undervisning og forsking/utøving.

Den som vert tilsett må ha evne til sjølvstendig arbeid, og samstundes vere motivert for å dele kunnskapar og delta i samarbeid. Det blir lagt vekt på om søkaren er personleg eigna for stillinga.For tilsetting som førsteamanuensis kreves i tillegg norsk doktorgrad på aktuelt fagområde eller tilsvarande utenlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk doktorgrad eller kompetanse på tilsvarende nivå dokumentert ved vitenskapelig og/eller kunstnerisk arbeid av samme omfang og kvalitet. Spesielle kvalifikasjoner innenfor undervisning eller annen pedagogisk virksomhet vil bli tillagt vekt.

Då undervisningsspråket er norsk må den tilsette kunne undervise i eit av de skandinaviske språka (norsk, svensk eller dansk).

Søkarar må også dokumentere utdanningsfagleg kompetanse i tråd med føringane i Forskrift om ansettelse og opprykk i forsker- og undervisningsstillinger.

Krav til dokumentasjon på utdanningsfaglig kompetanse

Utdanningane våre skal vere forskingsbaserte, både når det gjeld undervisningspraksis og innhald. Vi vil derfor at undervisarane våre skal ha røynsle frå og vise motivasjon for å fokusere på å utvikle undervisningspraksis og samspelet mellom undervisning og forsking for å fremme læring.

Universitetet i Søraust-Noreg har i tråd med Forskrift om ansettelse og opprykk i forsker- og undervisningsstillinger sett krav om at søkarar på stilling som førsteamanuensis må kunne dokumentere dugleik i universitets- og høgskolepedagogikk, fagdidaktikk og digital kompetanse.

På denne bakgrunnen vert det føresett at søkarar kan dokumentere utdanningsfagleg basiskompetanse gjennom utdanning eller kurs i universitets- og høgskolepedagogikk tilsvarande minimum 200 timar, og opparbeidd grunnleggande dugleik når det gjeld å planlegge, gjennomføre, evaluere og utvikle undervisning og rettleiing på universitets- og høgskolenivå.

Alternativt vert det kravd dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse gjennom eigen praksis som undervisar og rettleiar og gjennom utdanningsleiing i høgare utdanning, kombinert med relevante utdanningar, kurs og seminar og dokumentasjon på opparbeidd grunnleggande dugleik når det gjeld å planlegge, gjennomføre, evaluere og utvikle undervisning og rettleiing.

For søkarar som primært vert vurderte på grunnlag av eigen praksis, vert det stilt krav om undervisnings- og rettleiingsrøynsle og røynsle frå utdanningsleiing som samla sett tilsvarar ein del av heiltidsstilling i høgare utdanning tilsvarande to år.

NB! Les meir om korleis utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast i søknaden.

Søkarar som ikkje har slike utdanningsfaglege kvalifikasjonar, kan bli tilsette med plikt til å kvalifisere seg innan to (2) år. Kurs i universitets- og høgskolepedagogikk vil bli tilbode.

Ved vurdering av søkarar vil det bli lagt vekt på

  • Kunstnarlege/vitskapleg og pedagogiske kvalifikasjonar.
  • Fagleg kompetanse og vitskapleg produksjon innan folkemusikk/dans.
  • Undervisningsrøynsle og -kompetanse innan folkemusikk/dans.
  • Administrativ erfaring og kompetanse.
  • Evne til å skaffe eksterne midlar og utvikle og gjennomføre prosjekt/ utviklingsarbeid.
  • Forskingsleiing, deltaking i forskingsprosjekt og forskingsformidling.
  • Publisering i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift.
  • Røynsle innan forskingsdriven innovasjon og industrisamarbeid.
  • Røynsle innan internasjonale forskingsopphald eller kunstnarlege samarbeid.
  • Annan relevant kompetanse.
  • Om ein er personleg eigna og motivert for stillinga.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande fagmiljø med stimulerande arbeidsoppgåver.
  • Individuell kompetanseplan og gode vilkår for kompetanse- og karriereutvikling for alle medarbeidarar.
  • Inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • God pensjonsordning og gunstige vilkår i Statens pensjonskasse.
  • Godar og fordelar for tilsette, m.a. høve til trening i arbeidstida.

Løn

Førsteamanuensis (stillingskode 1011): LT 61-77 NOK 542 400 – 741 300 per år.

Lønsplassering etter ansiennitet og kompetanse. Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Tilsettinga skjer på dei vilkåra som gjeld til kvar tid for tilsette i staten, og etter tilsettinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.

Andre opplysningar

Tilsettingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar ved Universitetet i Søraust-Noreg er tilsettingsorgan. Eit sakkunnig utval vil vurdere søknadene. På bakgrunn av innstillinga frå utvalet vil aktuelle søkarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei lovar, føresegner og avtalar som gjeld for stillinga til kvar tid.

Universitetet i Søraust-Noreg ønskjer at medarbeidarane våre så langt det er råd skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke stilling hos oss. Me arbeider for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass, og vil legge tilhøva til rette for dei som har behov for tilrettelegging av arbeidsplassen. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søke arbeid hos oss.

I samsvar med offentleglovas § 25 2. leden kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil bli varsla dersom slikt ønske ikkje blir tatt til følgje.

Kontaktinformasjon

For opplysningar om stillinga:

For opplysningar om søknadsprosessen:

Slik søker du

Universitetet i Søraust-Noreg nyttar elektronisk søknadsbehandling. Søkarar til stillinga må registrere søknaden sin og CV med vedlegg elektronisk via rekrutteringsportalen Jobbnorge ved å klikke på lenka ”Søk stillinga”.

Følgjande dokument skal leggast ved den elektroniske søknaden:

  • Attesterte kopiar av vitnemål frå høgskole/universitet og attestar.
  • Kunstnarlege/vitskaplege publikasjonar (inntil 10 for søkarar til førsteamanuensis).
  • Liste over kunstnarlege/vitskaplege publikasjonar.
  • Søkarar som har fullført eige kurs i universitets- og høgskolepedagogikk tilsvarande minimum 200 timar, skal legge fram dokumentasjon i form av kurs- eller eksamensbevis, i tillegg til studieplan eller omtale av kurset med oversyn over emne/tema.Grunnleggande dugleik når det gjeld å planlegge, gjennomføre, evaluere og utvikle undervisning og rettleiing skal dokumenterast i form av ei systematisk og samla framstilling.Andre søkarar skal i beskrive, vurdere og dokumentere kompetansen sin som undervisar, rettleiar og utdanningsleiar gjennom ei systematisk og samla framstilling. Ved USN vert det nytta pedagogisk mappe, og du kan lese meir om kva denne skal omfatte her.
  • Kontaktinformasjon til tre referansar.

Vi gjer merksam på at alle dokument må vere på eit skandinavisk språk eller på engelsk. Eventuelle omsettingar må vere attesterte.

Her kan du lese meir om rekrutteringsprosessen til vitskapelege stillingar ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Det er søkarens eige ansvar å syte for at all etterspurd dokumentasjon har blitt lasta opp til søknaden innan utløpet av søknadsfristen!

Søk stillinga