LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I SØRØST-NORGE

Førsteamanuensis i idéhistorie

Søknadsfrist: 10.10.2021

Universitetet i Søraust-Noreg

Universitetet i Søraust-Noreg har om lag 18.000 studentar og ca. 1900 tilsette. Universitetet er organisert i fire fakultet, og har undervisnings- og FoU-verksemd på åtte campusar.


Universitetet sin hovudprofil er å tilby profesjonsretta, arbeidslivsorienterte og samfunnsrelevante utdanningar, i tillegg til forsknings- og utviklingsarbeid.

Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap har ledig stilling som Førsteamanuensis i idéhistorie

Om stillinga

Ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap er det frå 01.06.22 ledig fast 100 % stilling som førsteamanuensis i idéhistorie.

Stillinga er knytt til Institutt for kultur, religion og samfunnsfag, og næraste overordna er instituttnestleiar. Hovudarbeidsstad er universitetet sin studiestad i Bø i Midt-Telemark.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene for stillinga vil vere å koordinere og vidareutvikle årsstudiet i idéhistorie, og å leggje til rette for læring gjennom undervisning og rettleiing i dette studiet. Undervisninga i årsstudiet er digital. I tillegg må den som blir tilsett også rekne med å kunne bli pålagt fysisk og digital undervisning i andre studiar ved ein eller fleire av universitetet sine studiestader. Dette gjeld til dømes undervisning i vitskapsteori og metode i lærarutdanning eller i andre profesjonsutdanningar.

Undervisning på alle nivå ved undervisningsløp knytte til eige institutt, og ved andre institutt, kan bli aktuelt.

Universitetet har fjernundervisning og e-læring som satsingsområde, og den som vert tilsett må derfor kunne gje rettleiing og undervisning via digitale media.

Kvalifikasjonar

Årsstudiet i idéhistorie er eit studium som er godt innarbeidd ved instituttet, og der all undervisning og rettleiing er digital. Det er derfor avgjerande at den som blir tilsett har kompetanse i og interesse for å bruke digitale undervisnings- og læringsverktøy (synkront og asynkront), og at vedkommande har interesse for kontinuerleg utvikling av studentaktive digitale læringsformer. Den som blir tilsett må også ha interesse for undervisning i vitskapsteori og metode i profesjonsutdanningar.

Den som vert tilsett må ha evne til sjølvstendig arbeid, og samstundes vere motivert for å dele kunnskapar og delta i samarbeid. Det blir lagt vekt på om søkaren er personleg eigna for stillinga.

Det krevst norsk doktorgrad på aktuelt fagområde, eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjend som likeverdig med norsk doktorgrad, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert med vitskapleg arbeid av same omfang og kvalitet.

Sidan undervisningsspråket er norsk, må den som vert tilsett kunne undervise på eit av dei skandinaviske språka (norsk, svensk eller dansk).

Søkarar må også dokumentere utdanningsfagleg kompetanse i tråd med føringane i Forskrift om ansettelse og opprykk i forsker- og undervisningsstillinger.

Krav til dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse

Utdanningane våre skal vere forskingsbaserte, både når det gjeld undervisningspraksis og innhald. Vi vil derfor at undervisarane våre skal ha røynsle frå og vise motivasjon for å fokusere på å utvikle undervisningspraksis og samspelet mellom undervisning og forsking for å fremme læring.

Universitetet i Søraust-Noreg har i tråd med Forskrift om ansettelse og opprykk i forsker- og undervisningsstillinger sett krav om at søkarar på stilling som førsteamanuensis må kunne dokumentere dugleik i universitets- og høgskolepedagogikk, fagdidaktikk og digital kompetanse.

På denne bakgrunnen vert det føresett at søkarar kan dokumentere utdanningsfagleg basiskompetanse gjennom utdanning eller kurs i universitets- og høgskolepedagogikk tilsvarande minimum 200 timar, og opparbeidd grunnleggande dugleik når det gjeld å planlegge, gjennomføre, evaluere og utvikle undervisning og rettleiing på universitets- og høgskolenivå.

Alternativt vert det kravd dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse gjennom eigen praksis som undervisar og rettleiar og gjennom utdanningsleiing i høgare utdanning, kombinert med relevante utdanningar, kurs og seminar og dokumentasjon på opparbeidd grunnleggande dugleik når det gjeld å planlegge, gjennomføre, evaluere og utvikle undervisning og rettleiing.

For søkarar som primært vert vurderte på grunnlag av eigen praksis, vert det stilt krav om undervisnings- og rettleiingsrøynsle og røynsle frå utdanningsleiing som samla sett tilsvarar ein del av heiltidsstilling i høgare utdanning tilsvarande to år.

NB! Les meir om korleis utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast i søknaden.

Søkarar som ikkje har slike utdanningsfaglege kvalifikasjonar, kan bli tilsette med plikt til å kvalifisere seg innan to (2) år. Kurs i universitets- og høgskolepedagogikk vil bli tilbode.

Ved vurdering av søkarar vil det bli lagt vekt på

  • Vitskapleg og pedagogiske kvalifikasjonar.
  • Fagleg kompetanse og vitskapleg produksjon innan idéhistoriske fagfelt.
  • Breiddekompetanse med omsyn til idéhistoriske epokar og tema, med særleg kompetanse innanfor enkelte område.
  • Kompetanse innan vitskapsteori og metode.
  • Publisering i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift.
  • Undervisningsrøynsle og -kompetanse innan idéhistoriske fagfelt.
  • Røynsle og kompetanse innan digitale undervisnings- og læringsformer
  • Administrativ erfaring og kompetanse.
  • Evne til å skaffe eksterne midlar.
  • Forskingsleiing, deltaking i forskingsprosjekt og forskingsformidling.
  • Røynsle innan forskingsdriven innovasjon og industrisamarbeid.
  • Røynsle innan internasjonale forskingsopphald.
  • Det vil telje positivt med kompetanse innan pedagogisk idéhistorie, danning, empirisk pedagogisk forsking og undervisningserfaring frå lærarutdanning eller andre profesjonsutdanningar.
  • Om ein er personleg eigna og motivert for stillinga.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande fagmiljø med stimulerande arbeidsoppgåver.
  • Individuell kompetanseplan og gode vilkår for kompetanse- og karriereutvikling for alle medarbeidarar.
  • Inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • God pensjonsordning og gunstige vilkår i Statens pensjonskasse.
  • Godar og fordelar for tilsette, m.a. høve til trening i arbeidstida

Løn

Førsteamanuensis, stillingskode 1011, lønnstrinn 61-77 (NOK 553 500 – 752 800 per år).

Lønsplassering etter ansiennitet og kompetanse. Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Tilsettinga skjer på dei vilkåra som gjeld til kvar tid for tilsette i staten, og etter tilsettinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.

Andre opplysningar

Tilsettingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar ved Universitetet i Søraust-Noreg er tilsettingsorgan. Eit sakkunnig utval vil vurdere søknadene. På bakgrunn av innstillinga frå utvalet vil aktuelle søkarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei lovar, føresegner og avtalar som gjeld for stillinga til kvar tid.

Universitetet i Søraust-Noreg ønskjer at medarbeidarane våre så langt det er råd skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke stilling hos oss. Me arbeider for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass, og vil legge tilhøva til rette for dei som har behov for tilrettelegging av arbeidsplassen. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søke arbeid hos oss.

I samsvar med offentleglovas § 25 2. leden kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil bli varsla dersom slikt ønske ikkje blir tatt til følgje.

Kontaktinformasjon

For opplysningar om stillinga:

  • Førsteamanuensis Otto Martin Christensen, tlf: 473 24 973
  • Instituttnestleiar Ådne Meling, tlf: 35 57 52 50

For opplysningar om søknadsprosessen:

Slik søker du

Universitetet i Søraust-Noreg nyttar elektronisk søknadsbehandling. Søkarar til stillinga må registrere søknaden sin og CV med vedlegg elektronisk via rekrutteringsportalen Jobbnorge ved å klikke på lenka til høgre ”Søk stillinga”.

Følgjande dokument skal leggast ved den elektroniske søknaden:

  • Attesterte kopiar av vitnemål frå høgskole/universitet og attestar.
  • Vitskaplege publikasjonar (inntil 10 for søkarar til førsteamanuensis/førstelektor).
  • Liste over vitskaplege publikasjonar.
  • Søkarar som har fullført eige kurs i universitets- og høgskolepedagogikk tilsvarande minimum 200 timar, skal legge fram dokumentasjon i form av kurs- eller eksamensbevis, i tillegg til studieplan eller omtale av kurset med oversyn over emne/tema. Grunnleggande dugleik når det gjeld å planlegge, gjennomføre, evaluere og utvikle undervisning og rettleiing skal dokumenterast i form av ei systematisk og samla framstilling. Andre søkarar skal beskrive, vurdere og dokumentere kompetansen sin som undervisar, rettleiar og utdanningsleiar gjennom ei systematisk og samla framstilling. Ved USN vert det nytta pedagogisk mappe, og du kan lese meir om kva denne skal omfatte her.
  • Kontaktinformasjon til tre referansar.

Vi gjer merksam på at alle dokument må vere på eit skandinavisk språk eller på engelsk. Eventuelle omsettingar må vere attesterte.

Her kan du lese meir om rekrutteringsprosessen til vitskapelege stillingar ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Det er søkarens eige ansvar å syte for at all etterspurd dokumentasjon har blitt lasta opp til søknaden innan utløpet av søknadsfristen

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS