LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis innan sedimentær geovitenskap

Søknadsfrist: 01.10.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for geovitskap (GEO), er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan sedimentær geovitskap. Vi leitar breitt etter kandidatar innanfor feltet sedimentær geovitskap, som gjennomfører viktig forsking som vil bidra til å auke forståinga av klastiske sedimentære system og korleis slik kunnskap kan brukast til å forstå avsetjingar under bakken. Stillinga vil bidra til å utvide vår forsking og utdanning innanfor strategisk viktige område. 

Om instituttet

Det overordna målet for GEO er å utvikle ny kunnskap om jorda si oppbygging, utviklingshistorie og drivkreftene som påverkar jorda sin dynamikk. Instituttet har ei sentral rolle i UiB si satsing innan områda marin forsking, klima og energiomstilling.

Forskingsaktivitetane ved GEO er organisert rundt fire forskargrupper: Geofysikk, Geokjemi og geobiologi, Geodynamikk og bassengstudiar og Kvartærgeologi og paleoklima. For tida har GEO ein fast vitskapleg stab på 36 fast tilsette, 33 postdoktorar og forskarar, rundt 55 doktorgradsstipendiatar og ein teknisk/administrativ stab på rundt 31 tilsette.

Den utlyste stillinga er i gruppa Geodynamikk og bassengstudiar, men tenar heile instituttet, og er venta å bidra til forsking og undervising innan sedimentær geovitskap og relaterte felt. Kandidaten som får stillinga er venta å delta i samarbeid både innanfor og på tvers av disiplinar ved instituttet, samt med kollegaer ved andre institutt og fakultet ved UiB, så vel som nasjonalt og internasjonalt. 

Vitskapleg tilsette ved instituttet har tilgang til moderne forskingsfasilitetar, inkludert laboratoriet for seismikk og virtuelle blottingar, samt ei rekkje avanserte laboratorium, kraftig data-infrastruktur og havgåande forskingsfartøy og undervassrobotar (Forskningsinfrastruktur ved Institutt for geovitenskap i Bergen (GEO) | Institutt for geovitenskap | UiB) Fleire av desse har status som nasjonale infrastrukturfasilitetar.

GEO spelar ei nøkkelrolle i fleire forskingssenter, inkludert Senter for dyphavsforskning, Bjerknessenteret for klimaforskning, Norwegian Center for Geothermal Energy Research, FME (Centre for environment-friendly energy research), og iEarth - senteret for Integrert geovitskapelig utdanning.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi leitar etter ein kandidat med ei merittliste som samsvarer med karrierenivå, med ekspertise innan klastisk sedimentær geovitskap og bassenganalyse, som vil utvikle eit sterkt forskings- og undervisningsprogram som kompletterer våre eksisterande satsingsområde. Vi forventar at kandidaten som får stillinga vil utvikle eit internasjonalt leiande, eksternt finansiert forskingsprogram innan klastisk sedimentær geovitskap. Dette inkluderer rettleiing av masterstudentar, doktorgradsstipendiatar og postdoktorar. I tillegg til grunnleggjande studiar av klastiske sedimentære prosessar og avleiringar, bør kandidaten som får stillinga kunne integrere forståing av klastiske avleiringssystem innanfor eit breiare perspektiv av geovitskap, for eksempel innan emne som tolking av data frå under bakken, bassengtektonikk, kjelde-til-basseng-studiar og energiomstillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan sedimentær geovitskap.
  • Ekspertise i klastisk sedimentologi er eit krav.
  • Ekspertise i forståing av kontrollerande faktorar for klastiske avleiringssystem og stratigrafi er eit krav.
  • Ekspertise i feltbaserte studiar og/eller undergrunnsstudiar er eit krav.
  • Ekspertise i numerisk modellering, programmering og bruk av AI innan sedimentær geovitskap er ein fordel.
  • Ei sterk publikasjonsliste med fagfellevurderte artiklar innan emna nemnt over, som samsvarar med karrieresteg, er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Kandidaten som får stillinga er venta å bidra til eksternt finansierte forskingsaktivitetar og bør dokumentere evne til å skaffe ekstern forskingsfinansiering. 
  • Kandidaten vil undervise og rettleie studentar innan sedimentær geovitskap på alle nivå. Relevant undervisnings- og rettleiingserfaring må dokumenterast.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. 

Dette inneber dokumentasjon av 

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.

Universitetet i Bergen legg vekt på utdanningsfagleg kompetanse i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr 720 100 til kr 895 500 (svarar til lønssteg 72–81). Lønnsnivå vil bli vurdert ut frå kvalifikasjonar og erfaring. Førsteamanuensar kan søkje om opprykk til professor (kode 1013 i hovudtariffavtalene i staten) basert på meritter. Brutto årslønn for professor er kr 919 200 til kr 1 125 800 (svarar til lønssteg 82 til 90).
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS