LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis innan kjemisk verdiskaping frå biomasse

Søknadsfrist: 01.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan kjemisk valorisering av biomasse.

Om instituttet

Kjemisk teknologi, kunnskap og kompetanse er essensielle faktorar for å møte aukande samfunnsbehov innan helse, miljø, berekraftig ressursutnytting, energi, nye material, kvalitetssikring og -analyser, for å nemne nokre tema som også står sentralt i berekraftsmåla (SDG) som FN har identifisert. Bioraffinering har eit stort potensiale i ein framtidig biobasert og sirkulær økonomi, og kjemiske løysingar står sentralt for å realisere dette potensialet innan berekraftig energiforsyning og produksjon (høvesvis SDG 7 og 12). Kjemisk institutt bidrar til å skape, anvende og formidle kjemisk kunnskap gjennom forsking og utdanning av høg kvalitet og i samarbeid med relevante regionale, nasjonale og internasjonale aktørar. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og er vertskap for eller partner i studieprogram innan kjemi, nanoteknologi og -vitskap, medisinsk teknologi, farmasi, energi, og lektorutdanning.

Vi har i dag 250 studentar, 80 tilsette inkludert 25 førsteamanuensar og professorar, og vi har 40 phd-kandidatar (alt i ca-tal). Kjemisk institutt har satsa strategisk på oppbygging av en moderne forskingsinfrastruktur og er bl.a. vertskap for den nasjonale NMR-plattforma.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Kjemisk institutt ønskjer å vera ei positiv kraft i prosessen med å omstille produksjon og energi frå fossile til fornybare ressursar. Vi forskar på prosessar for å produsera finkjemikaliar, plattformkjemikaliar, polymerar, bioenergi og biodrivstoff med utgangspunkt i fornybare ressursar som ikkje er eigna som mat. Dette ressursgrunnlaget inkluderer bioressursar som algar, plantematerial (lignocellulose) og avfall, men også karbondioksid. For å fremje samarbeid og synergi har forskarane våre nyleg danna forskingsgruppa Sustainable Energy Carriers, Chemicals, and Materials, med målsetjing å bygga både breiare kompetanse og større kapasitet for å etablera og gjennomføra større forskingsprosjekt. Slike fellesprosjekt er i gang og integrerer aktivitetar innan ikkje-katalytisk og katalytisk omdanning av biomasse og dreg stadig meir nytte av rasjonelle og mekanistisk-funderte katalysator- og prosessdesign samt multivariate forsøksdesign.

Instituttet ønskjer å styrke denne utviklinga gjennom å tilsetje ein førsteamanuensis som har høg kompetanse i eit eller fleire område som er av stor relevans for kjemisk verdiskaping frå biomasse, og som ønskjer å bygge opp forsking og utdanning innan dette applikasjonsområdet i samarbeid med kollegaer og eksterne partnerar. Døme på aktuelle område kor det ligg godt til rette for samarbeid, er bruk av grunnleggjande mekanistisk informasjon og avansert organisk analyse som kan gi delvis molekylær identifikasjon i komplekse produktblandingar.

Det er også ei forventning om at den nytilsette førsteamanuensisen vil legge vekt på prinsippa for grøn kjemi, som katalyse og bruk av miljøvenlege løysingsmiddel, på tvers av aktivitetane innan omdanning av biomasse. Den som vert tilsett i stillinga, er forventa å bidra til å sikre ekstern finansiering av forsking innan konvertering av biomasse.

Stillinga omfattar ansvar for undervisning og utvikling av emne innan både lågare og høgare grad, noko som betyr at undervisningsoppgåvene kan variere frå innleiande kjemikurs til meir spesialiserte emne innanfor forskingsfeltet til førsteamanuensen. Vidare er rettleiing av BSc-, MSc- og PhD-kandidatar ein viktig del av både forskings- og utdanningsdelen av stillinga.

Instituttet tar i aukande grad ein kollegial tilnærming til undervisninga og ønsker søkarar velkommen med ein undervisningsfilosofi som passar med dette.

Forskarar ved Kjemisk institutt har tilgang til moderne laboratorium og utstyr samt lokal og nasjonal programvare og maskinvare for berekningskjemi.

Den eksperimentelle infrastrukturen omfattar utstyr og programvare for syntese, kromatografisk og spektroskopisk analyse, karakterisering og strukturbestemming, og prosessutvikling. Ein storskala (5 L) reaktor for høg temperatur og trykk er òg tilgjengeleg. I tillegg er instituttet vertskap for den norske NMR-plattformen (NNP, https://nmr.h.uib.no/) med 500, 600 og 850 MHz instrument. Eit robotbasert anlegg for automatiserte eksperiment (high-throughput experimentation, HTE) er under etablering i år.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkarar må ha doktorgrad i kjemi eller tilsvarande relevante fagfelt.
  • Søkarar må ha dokumentert kompetanse innan forsking og utdanning i område som er relevante for kjemisk verdiskaping frå biomasse.
  • Søkarar må dokumentera forsking av høg internasjonal standard
  • Erfaring med å undersøke reaksjonsmekanismar for å utvikla og forbetra kjemiske prosessar er ein fordel.
  • Erfaring med kvalitativ og kvantitativ organisk analyse av biobaserte produkt er ein fordel.
  • Søkarar må like å jobba i forskings- og utdanningsteam, både som leiar og som deltakar, og kunne vise til sterke samarbeids- og organisasjonsevner
  • Søkjarar skal dokumentera evne til å tiltrekka seg eksterne forskingsmiddel
  • Eit sterkt internasjonalt nettverk er føremon
  • Søkarar må ha gode kunnskapar i munnleg og skriftleg engelsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stillinga som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 68–74 (kode 1011/LR 24, alternativ 10). Dette utgjer ei årsløn på kr. 626 100 – 702 100. brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professorane Vidar R. Jensen (Vidar.Jensen@uib.no), Tanja Barth (Tanja.Barth@uib.no) eller
  • Knut Børve (Knut.Borve@uib.no), alle på Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS