LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i terminologi og fagspråk

Søknadsfrist: 29.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i terminologi og fagspråk

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i terminologi og fagspråk med oppstart 1. august 2022 eller etter avtale..

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette, kring 30 ph.d.-stipendiatar og 10 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Det blir kravd at den som får stillinga kan undervise og rettleie innanfor fagets emneportefølje i fagspråk og terminologi og utvikle undervisningsopplegg i desse emna.

Den som vert tilsett, skal ta del i undervisninga i samsvar med dei studieordningane som gjeld. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå og innanfor alle program der nordisk språk inngår. Den som får stillinga skal óg kunne undervise og rettleie i andre emne innanfor nordisk språk enn terminologi og fagspråk, tilpassa etter kvalifikasjonar, interesser og behov.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor feltet terminologi og fagspråk, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver. Mellom anna vil vedkomande samarbeide med dei tilsette med ansvar for terminologi ved Språksamlingane på Universitetsbiblioteket (Termportalen).

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet sin drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha forskingskompetanse innanfor feltet terminologi og fagspråk tilsvarande norsk doktorgrad. Søkjarar med doktorgrad frå beslekta felt, som til dømes språkpolitikk, leksikografi, klarspråk eller semantikk kan bli kjente kvalifiserte under føresetnad av at dei elles har eit tilstrekkeleg solid grunnlag innanfor terminologi og fagspråk i form av eiga forsking eller utdanning, sekundært administrasjon eller undervising.

Søkjarane må ha publisert forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå innan faget. Det er ein fordel med røynsle frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. Erfaring frå forskingsleiing og -formidling vert òg positivt vektlagt. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program.

Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år. Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Det blir kravd at den som vert tilsett, kan bruke norsk eller eit anna skandinavisk språk i både undervising og i munnleg og skriftleg kommunikasjon frå første arbeidsdag.

Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil og bli tillagt vekt.

Vi kan tilby:

  • Løn tilsvarande lønssteg 68 i Statens regulativ ved tilsetjing (kode 1011 / lønsramme 24), for tida kr. 625 700,- før skatt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du på stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

1. CV

2. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar

3. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar

4. Oversikt over undervisningserfaring, administrativ erfaring og eigne forskingsplanar

5. Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her)

6. Fullstendig publikasjonsliste

7. Inntil 5 vitskapelege arbeid (arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar).

I tillegg kan det sendast inntil 5 populærvitskapelege og praksisretta arbeid t.d læremiddel.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her

Rettleiing for utforming av søknad her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS