LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i romfysikk

Søknadsfrist: 07.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i fysikk - romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan fysikk – romfysikk.

Om instituttet

Institutt for fysikk og teknologi driv forsking og utdanning som spenner frå basal grunnforsking på dei minste byggesteinane i universet til teknologi og innovasjon for å bidra til å løyse utfordringar verda står framfor i dag innanfor til dømes helse og energi. Instituttet har store forskingsgrupper i romfysikk og i kjerne- og partikkelfysikk, og har sterke fagmiljø til dømes i elektronikk og målevitskap, nanofysikk, medisinsk fysikk, energi, akustikk og optikk. Forskinga er i stor grad eksternfinansiert, blant anna er vi vertskap for SFF «Birkeland Center for Space Science» og SFI «Smart Ocean». Instituttet spelar ei sentral rolle i UiB sine siv.ing.-program i havteknologi, medisinsk teknologi og energiteknologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vere forskergruppa for partikkelnedbør ved Birkelandsenteret for romforskning.

Til denne stillinga ser vi etter ein forskar som har omfattande røynsle i romfysikk, nærare bestemt effektar av nedbør av energirike partiklar på atmosfæren, med vekt på bruk av både satellittmålingar og kjemi- og klimamodellar for atmosfæren. Romfysikkgruppa har mangeårig erfaring innan utvikling av måleinstrument for bruk i rommet, og denne kompetansen ønsker vi å føre vidare. Den som blir tilsett i den utlyste stillinga skal også utvikle og undervise kurs knytt til dette programmet og dessutan generelle fysikkemne ved instituttet. Ho/han skal og involvere seg aktivt i rekruttering og rettleiing av ph.d.- og masterstudentar. Den som blir tilsett blir òg forventa å ta initiativ til prosjektsøknader retta mot t.d. Noregs Forskingsråd (NFR) og European Research Council (ERC).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan fysikk,
  • Forskingserfaring i romfysikk med spesiell vekt på effektar av partikkelnedbør på atmosfæren er eit krav.
  • Erfaring som leiar av eit forskarteam er eit krav.
  • Erfaring som rettleiar av ph.d.- og masterstudentar er eit krav.
  • Erfaring med og interesse for utvikling av rominstrumentering er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne dokumentere evne til å skaffe eksternt finansierte forskingsprosjekt.
  • Søkjarar må ha brei undervisningserfaring på universitets- og høgskolenivå.
  • Søkjarar må kunne vise til ei aktiv forskingskarrieren etter oppnådd doktorgrad.
  • Søkjarar må ha vist evner til å knytte internasjonale kontaktar for forskingssamarbeid.
  • Søkjarar må kunne arbeide uavhengig og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og relasjonelle kvalitetar, som evne til å kunne bidra til eit godt sosialt forskingsmiljø, vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje når søkjarane blir evaluerte.

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.

Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 70–74 (kode 1011/LR 24). Dette utgjer ei årsløn på kr. 661 400 –714 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Kjetil Ullaland, Institutt for Fysikk og Teknologi, Kjetil.Ullaland@uib.no / tlf. +47 55 58 28 71

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS