LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i religionsviteskap

Søknadsfrist: 14.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i religionsvitskap.

Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religionar som kulturelle fenomen. Perspektivet er krysskulturelt og samanliknande. Instituttet tilbyr undervisning og forsking innafor eit breitt spekter av religionar, med undervisning og rettleiing på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Det er for tida 10 faste vitskaplege stillingar i religionsvitskap ved instituttet.

Kvalifikasjonskrav og arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett, må ha relevant forskingskompetanse i religionsvitskap tilsvarande norsk doktorgrad. I vurderinga av det vitskapelege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Søkjarar må ha solid og brei religionsvitskapleg kompetanse. I rangeringa av søkjarane vil det bli lagt særskild vekt på forskingskompetanse og undervisningserfaring innafor middelhavsområdets og/eller Midtaustens religionshistorie i tida føre islam.

Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir derfor tillagt vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil og bli tillagt vekt.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Løn tilsvarande lønssteg 64 (kode 1011/LR24) i statens regulativ. Dette utgjer ei årsløn på 575.200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA».

Dette må vere inkludert i søknaden:

1. Søknadsbrev

2. Eit grunngjeve forslag til eit innføringsemne i religionsvitskap (maks. 2 sider)

3. CV

4. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

5. Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her).

6. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd

7. Publikasjonsliste (som vedlegg)

8. Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga

9. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Andre opplysningar:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med:

  • Instituttleiar, professor Jan Heiret, per e-post, jan.heiret@uib.no eller tlf. + 47 55 58 97 62, eller
  • Fagkoordinator for religionsvitskap, professor Knut Jacobsen, per e-post, knut.jacobsen@uib.no eller tlf. +47 911 33 020.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Rettleiing for utforming av søknad her.

Søknadsfrist: 14.03.2021

UiB-ID: 2021/1085

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS