Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i religionsvitenskap

Søknadsfrist: 15.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i religionsvitskap med spesialisering i fagdidaktikk og moderne kristendom, nyreligiøsitet eller annan samtidsreligion.

Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religionar som kulturelle fenomen. Perspektivet er krysskulturelt og samanliknande. Instituttet tilbyr undervisning og forsking innafor eit breitt spekter av religionar, med undervisning og rettleiing på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Det er for tida 9 faste vitskaplege stillingar i religionsvitskap ved instituttet.

Kvalifikasjonskrav og arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett, må ha relevant forskingskompetanse i religionsvitskap tilsvarande norsk doktorgrad. I vurderinga av det vitskapelege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Søkjarar må ha solid og brei religionsvitskapleg kompetanse, så vel som fagdidaktisk kompetanse. I rangeringa av søkjarane vil det bli lagt særskild vekt på forskingskompetanse innanfor fagdidaktikk og moderne kristendom, nyreligiøsitet eller annan samtidsreligion. Det vil òg bli lagt vekt på erfaring frå arbeid i skulen og/eller i lærarutdanninga.

Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir derfor tillagt vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil og bli tillagt vekt.

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett, vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Løn tilsvarande lønssteg 64 (kode 1011/LR24) i statens regulativ. Dette utgjer ei årsløn på 572.700,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA».

Dette må vere inkludert i søknaden:

1. Søknadsbrev

2. Eit grunngjeve forslag til eit innføringsemne i religionsvitskap (maks. 2 sider)

3. CV

4. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

5. Informasjon om og dokumentasjon av pedagogisk innsats og kvalifikasjonar

6. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd

7. Publikasjonsliste (som vedlegg)

8. Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga

9. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga og ein presentasjon av det nye studieprogrammet kan ein få gjennom å ta kontakt med:

  • Instituttleiar, professor Jan Heiret, per e-post, jan.heiret@uib.no eller tlf. + 47 55 58 97 62, eller
  • Fagkoordinator for religionsvitskap, professor Knut Jacobsen, per e-post, knut.jacobsen@uib.no eller tlf. +47 911 33 020

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 15.09.2020

UiB-ID: 20/7101

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS