LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i Midtaustens og det muslimske Afrikas historie

Søknadsfrist: 12.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i Midtaustens og det muslimske Afrikas historie.

Historiefaget handlar om menneske i samfunn gjennom tidene. Ved AHKR blir det utøvd historisk forsking, samstundes som instituttet gjev undervising i historie for studentar på lågare grad (bachelor), høgare grad (master) og på doktorgradsnivå (ph.d.), og i tilknyting til eit eige lektorprogram. Instituttet legg vekt på fagleg breidde og driv forsking og undervisning i alle historiske periodar frå antikken til i dag, innan ulike nivå frå det lokale til det globale, og innan ulike felt som økonomisk, sosial, kulturell og politisk historie. Det er for tida 23 faste vitskaplege stillingar i historie ved AHKR.

Det vert gjort ein betydeleg innsats i Midtausten-studiar innanfor mange disiplinar på Universitetet i Bergen, på tvers av fakultet. Ved AHKR har feltet ein sentral plass både i forsking og undervisning. Merksemda blir retta både mot historia til Midtausten og islam allment, og det muslimske Afrika meir spesifikt. Viktige tema i nyare tid har vore islamsk organisering og islamsk lov, teksttradisjonar og rituell praksis. Fagmiljøet legg særleg vekt på at både moderne og før-moderne historie skal vere tydeleg representert i forsking og undervisning. Undervisningstilbodet i Midtaustens historie på bachelornivå tek form av både oversynsemne og spesialiserte emne, og utgjer ei eiga studieretning. Masterutdanninga skjer i hovudsak gjennom seminar.

Kvalifikasjonskrav og arbeidsoppgåver

Søkjarar må ha forskingskompetanse innanfor historie tilsvarande norsk doktorgrad. Forskingskompetansen til søkjarane kan ligge innanfor heile eller delar av det oppgjevne geografiske området. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil òg bli tillagt vekt. Søkjararar som kan dokumentere kompetanse i arabisk eller andre av regionens språk vil ha ein føremon.

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Søkjarane må kunne undervise og rettleie på alle nivå i heile Midtaustens historie, frå framveksten av islam og fram til i dag.

Det blir forventa at den som får stillinga også medverkar til undervisning i historiedidaktikk for lektorstudentar, inkludert praksisrettleiing.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, noverande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i drifta av instituttet. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Løn tilsvarande lønssteg 68 (kode 1011/LR24) i statens regulativ. Dette utgjer ei årsløn på 625.700,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGEN». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

4. Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her)

5. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd

6. Publikasjonsliste (som vedlegg)

7. Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga8. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med:

  • Instituttleiar, professor Teemu Ryymin, per e-post teemu.ryymin@uib.no eller tlf. 55 58 38 79, eller
  • Fagkoordinator for historie, professor Yngve Flo, per e-post Yngve.Flo@uib.no eller tlf. 55 58 38 95

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Les meir om tilsettingsprosessen her.

Rettleiing for utforming av søknad her.

UiB-ID: 2022/5753

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS