Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i medisin (dermatovenerologi)

Søknadsfrist: 19.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i medisin (dermatovenerologi)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Seksjon for dermatovenerologi, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin i 4 (fire) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) ved Hudavdelinga, Haukeland universitetssjukehus. Arbeidsstad er ved Hudavdelinga.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Forsking og undervisning i hud- og veneriske sjukdommar
  • Bidra til utvikling av forskingsaktivitet og rettleiing av yngre forskarar
  • Den som skal tilsetjast skal arbeide med forsking innan dermatovenerologi i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved fakultetet, og må kunne dokumentere eiga forsking på området. Hudavdelinga har ønskje om å styrke forsking innan psoriasis/inflammatoriske hudsjukdommar
  • Undervisning i hud- og veneriske sjukdommar for medisinstudentar. I tillegg kan det bli aktuelt med deltaking i kurs for legar i spesialisering
  • Ta del i eksamensarbeid og administrative oppgåver på seksjonen

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk doktorgrad i medisin (relevant fagområde) eller tilsvarande kompetanse, og vere godkjent spesialist i dermatovenerologi
  • det vert lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, erfaring frå forskingsstrategisk arbeid, samt dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400- 691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) som pdf
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Ingeborg M. Bachmann, 55973920

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS