LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i medievitskap

Søknadsfrist: 03.05.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for informasjons- og medievitenskap er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i medievitskap, innan mediebruks- og publikumsforsking.

Institutt for informasjons- og medievitenskap er eit forskingsintensivt og fleirfagleg institutt ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Universitetet i Bergen. Instituttet er vertskap for fleire eksternfinansierte prosjekt og senter, blant anna senter for forskingsdrevet innovasjon MediaFutures, lokalisert ved kunnskapsklynga Media City Bergen.

Til instituttet er det for tida 40 vitskaplege stillingar og om lag 25 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Instituttet tilbyr bachelor- og masterprogram i informasjonsvitskap, kunstig intelligens, kognitiv vitskap, media og kommunikasjon, TV-produksjon, journalistikk, og interaksjonsdesign.

Forskinga i medievitskap er organisert i forskingsgruppene for retorikk, medieestetikk, journalistikk, digitale spel og mediebruk. Utfyllande informasjon om pågåande forsking og undervisning er tilgjengeleg på instituttets heimesider www.uib.no/infomedia

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den ledige stillinga er innanfor feltet mediebruk- og publikumsforsking. Mediebruk handlar om korleis menneske – som publikum, brukarar og borgarar – gjennom media orienterar seg mot kvarandre og mot samfunnet. Vi søker en kandidat som kan styrke instituttet si forsking på feltet, som legg vekt på mediebruk og demokrati. Fleire forskingsgrupper ved instituttet arbeider med slike perspektiv, inkludert Mediebruksgruppa som er ei stor og aktiv forskingsgruppe med prosjekt finansiert av ERC og Norges forskningsråd. Gruppa har omfattande internasjonalt samarbeid, og legg vekt på å skape eit inkluderande og dynamisk miljø for unge forskarar. Mediebruk er ei søyle i oppbygginga av bachelor- og masterprogramma i media og kommunikasjon ved UiB, og eit felt med lange tradisjonar i forskinga på instituttet. Den som blir tilsett skal ta del i å utvikle mediebruksforskinga ved instituttet til internasjonalt toppnivå.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i medievitskap eller tilsvarande.
  • Søkjarar må ha synt evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå, innan området for stillinga og i anerkjende kanalar.
  • Vi vil leggje vekt på evne til hente inn og leie forskingsprosjekt, erfaring med og engasjement for formidling og fagutvikling, og evne til å drive fram metodeutvikling innan forsking og undervisning.
  • Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet, vil forskinga frå dei siste fem åra verte tillagt særleg vekt.
  • Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Samarbeidsegenskaper, planer for forskning og ambisjoner for eigen undervisning blir lagt vekt på i vurderinga.

Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grads nivå ved instituttet. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå (sjå lenkje). Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.

Vi tilbyr:

  • Eit godt, fagleg utfordrande og tverrfagleg miljø, som husar aktiv og internasjonalt retta forsking innan feltet for stillinga, og som legg godt til rette for karriereutvikling for den rette kandidaten.
  • Løn etter årsløn på kr 661 400 – 728 100 brutto (lønssteg 70-75/kode 1011) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Bergen by - ein innbydande europeisk by med godt internasjonalt nettverk, levande byliv og flott natur

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er publisert. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar der kor det er naudsynt for å klargjere ditt bidrag
  • Undervisingsportfolio. Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervising og rettleiing. Vennligst fyll ut dette skjemaet og legg ved søknaden. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisingsmateriell, evalueringsrapportar og eventuelle mottekne undervisningsprisar.
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 3. mai 2023

Søknaden skal merkast: 23/3951

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Marija Slavkovik, marija.slavkovik@uib.no

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til: Seniorkonsulent HR Pernille Hole, pernille.hole@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vises til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS