Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis i lingvistikk
Velkomen som søkjar til ei fast stilling som førsteamanuensis i lingvistikk med oppstart 1. august 2024 ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Vi søkjer ein språkvitar med ein sterk datalingvistisk profil (f.eks. korpuslingvistikk, bruk og skaping av digitale språkressursar, kvantitativ analyse av språkleg data) som kan undervise i programmering retta mot språkdata i tillegg til emne i allmenn språkvitskap.
LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap, teatervitskap og norskkurs for internasjonale studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen.
Dei fire fast tilsette medlemmane i språkvitskap (lingvistikk) tilbyr undervising på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, og bidrar til programmet i kognitiv vitskap. Forsking innan språkvitskap ved instituttet er retta mot teiknspråkslingvistikk, korpusmetodar, digitale språkressursar, eksperimentell psykolingvistikk, statistikk og maskinlæring. Forskargruppa Language Models and Resources (LaMoRe) er eit nasjonalt knutepunkt for digitale språkressursar og byggjer og driv infrastrukturar for forskingsdata, særleg trebankar (INESS), og koordiner nasjonal infrastruktur for språk (CLARINO). I tillegg handterer vi data om norsk (Språksamlingane) og driv med leksikografisk forsking og utvikling.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Det blir kravd at den som får stillinga kan undervise og rettleie innanfor fagets emneportefølje i språkvitskap og utvikle undervisningsopplegg i faget.
Den som vert tilsett, skal ta del i undervisninga i samsvar med dei studieordningane som gjeld. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå og innanfor alle program der språkvitskap inngår. Som ein del av arbeidet, kan tilsette bli tildelt undervisings-, rettleiings- og sensoroppgåver innan kompetanseområdet sitt ved andre institutt.
Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver. Det er forventa at den som vert tilsett tar ei aktiv rolle innan prosjektutvikling, søking av eksterne midlar og formidling.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjarar må ha forskingskompetanse i lingvistikk eller anna relevant fag, tilsvarande norsk doktorgrad.
Søkjarane må ha publisert forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå innan lingvistikk. Det er ein føremon med røynsle frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. Erfaring frå forskingsleiing og -formidling vert òg positivt vektlagt. Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar vert sett på som positivt. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
Den som vert tilsett, må ha solid kompetanse innan allmenn lingvistikk (f.eks. fonologi, morfologi, syntaks, semantikk, pragmatikk) i tillegg til spesialisert kompetanse innan datalingvistikk, f.eks. datalingvistiske/kvantitative metodar, digitale språkressursar og korpuslingvistikk og programmering. Søkjarar må ha kompetanse å undervise lingvistikk-basert programmering (f.eks. Python/R) i tillegg til emne i allmenn språkvitskap (f.eks. morfologi/semantikk).Dokumentert erfaring med skaping og/eller tilsyn av digitale språkressursar er ein føremon.
Ytterlegare kunnskapar, kompetanse og erfaring med andre felt og metodar innan lingvistikk, særleg innan ovannemnde kompetansefelt ved instituttet, er ein føremon.
Grunnleggjande pedagogisk utdanning og erfaring med rettleiing av studentar på universitetsnivå er eit krav for stilling som førsteamanuensis. Dette inneber fullført pedagogisk utdanning, i tillegg til ferdigheiter i planlegging, gjennomføring, vurdering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante emne saman med praktisk undervisingserfaring kan erstatte universitetspedagogisk utdanning. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.
Pedagogisk utdanning må bli dokumentert i ein pedagogisk portefølje som inneheld ei dokumentert oversikt av praktisk erfaring og kompetanse i tillegg til ei kort utsegn med refleksjon. Utsegna skal primært beskrive søkjarar sin undervisingsfilosofi og ei vurdering av undervisinga si i forhold til studentar si læring innan høgare utdanning. For meir informasjon om korleis pedagogisk utdanning kan bli dokumentert, klikk her.
Universitetet i Bergen legg vekt på kvalifikasjonar innan utdanning for vitskaplege tilsetjingar.
Det blir kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tilsetjing. Universitetet tilbyr norskkurs for utanlandske tilsette. Søkjarar må også ha utmerkte kunnskapar i engelsk.
Den som blir tilsett, må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.
Vi tilbyr:
Løn tilsvarande lønssteg 71-75 (kode 1011) i Statens regulativ). Dette utgjer ei årsløn på kroner 708.000 – 759.100 før skatt. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Attraktive forskingsmoglegheiter, inkludert 46 prosent forskingstid i stillinga.
Svært gode karrieremoglegheiter, inkludert moglegheita til å søkje om opprykk til professor.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du på stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA».. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:
Søknadsbrev.
CV.
Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular.
Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her).
Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.
Oversikt over undervisningserfaring, administrativ erfaring og eigne forskingsplanar.
Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle).
Fullstendig publikasjonsliste.
Inntil 5 vitskapelege arbeid (arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar). I tillegg kan det sendast inntil 5 populærvitskapelege og praksisretta arbeid t.d læremiddel.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.
Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (LLE), Postboks 7805, 5020 Bergen.
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:
Førsteamanuensis Carl Börstell (carl.borstell@uib.no) eller tlf. +47 55 58 30 15 eller
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.