LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i kulturvitskap

Søknadsfrist: 28.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i kulturvitskap.

Kulturvitskap er studiet av kvardagskultur i fortid og notid. Faget står i ein etnologisk og folkloristisk vitskapstradisjon, med særleg vekt på norske og nordiske forhold. Ved AHKR blir det utøvd kulturvitskapleg forsking, samstundes som instituttet gjev undervising i kulturvitskap for studentar på lågare grad (bachelor), høgare grad (master) og på doktorgradsnivå (ph.d.). Det er for tida 6 faste vitskaplege stillingar i kulturvitskap ved AHKR.

Kvalifikasjonskrav og arbeidsoppgåver

Søkjarar må ha forskingskompetanse innanfor kulturvitskap, kulturhistorie, etnologi eller folkloristikk , tilsvarande norsk doktorgrad.

Søkjaren skal ha forskingskompetanse i berekraft og naturforståing med fokus på kulturhistoriske perspektiv på bruk av naturressursar, som for eksempel tradisjonelle driftsformer, arealbruk og dyr-menneskeforhold, eller korleis idear om tradisjonell drift ligg til grunn for samtidsfenomen som for eksempel bydyrking, andelsjordbruk og delingsøkonomi. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil og bli tillagt vekt.

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Søkjarane må kunne undervise og rettleie på alle nivå i faget. Det blir forventa at den som får stillinga i tillegg medverkar til å utvikle undervisningsemne i miljøhumaniora, og samarbeider med forskarar frå andre fagfelt ved Institutt for AHKR og Universitetet i Bergen.

Den som tek til i stillinga har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, noverande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.

Tilsetting i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Løn tilsvarande lønssteg 68-72 (kode 1011/LR24) i statens regulativ. Dette utgjer ei årsløn på 636.300 – 688 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGEN». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

4. Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her)

5. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd

6. Publikasjonsliste (som vedlegg)

7. Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga

8. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med:

  • Instituttleiar, professor Teemu Ryymin, per e-post Teemu.Ryymin@uib.no eller tlf. 55 58 38 79. eller
  • Fagkoordinator for kulturvitskap, professor Tone Hellesund, per e-post Tone.Hellesund@uib.no eller tlf. 55 58 24 43

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Rettleiing for utforming av søknad her.

UiB-ID: 2022/7513

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS