Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis i digital kultur
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) inviterer kvalifiserte kandidatar til å søkje ledig, fast stilling som førsteamanuensis i digital kultur med oppstart september 2023.
Om Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Instituttet femner om program i digital kultur, kunsthistorie, teatervitskap, litteraturvitskap, lingvistikk, klassisk filologi, nordisk språk og litteratur, norrønt, norsk som andrespråk og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen.
Digital kultur tilbyr BA-, MA- og ph.d.-grader, og har svært aktive forskingsgrupper innan digital litteratur og digital kultur, samt ERC-prosjektet «Machine Vision in Everyday Life». Frå høsten 2023 er instituttet stolt vertskap for Senter for digitale forteljingar (Center for Digital Narrative, CDN), eit norsk senter for framifrå forsking som startar opp i 2023. Senteret er dedikert til humanistisk drevet forsking innan digital litteratur, spelstudium, digital kultur og databehandling for å fremme forståinga av digital forteljingar i brei forstand. CDN fokuserer på algorithmic narrativity, nye miljø og materialiteter for digital forteljing, og dei skiftande kulturelle kontekstane der digitale forteljingar blir mottekne og prosessert.
Arbeidsoppgåver/forskingsfelt:
Vi søkjer ein førsteamanuensis med ekspertise på forsking innan spelestudium, og med forskingsinteresser som kan fylle ut kompetansen til instituttet og CDN. Vi søkjer ein ambisiøs kandidat med ein aukande forskingsportefølje og som er ivrig etter å utvikle og foredle eiga forsking innan digitale forteljingar.
Den som blir tilsett i stillinga er forventa å undervise, sensurere og rettleie på alle nivå, vere ein aktiv forskar innan digital kultur og utføre administrative oppgåver. Kandidaten vil òg delta i utviklinga av læreplanar i samsvar med gjeldande studiereglement. Undervisninga knytt til stillinga vil omfatte teori og historie om dataspel og interaktive digitale forteljingar, digitale sjangrar, plattformstudiar, samfunnsmessige verknader av digitale medium og andre område innanfor alle program der digital kultur inngår.
Den som blir tilsett vil ha rett og plikt til å forska innanfor sitt forskingsfelt. Kandidaten får arbeidsplass ved Senter for digitale forteljingar og blir forventa å samarbeide i forskingsgrupper, utvikle søknader om eksterne forskingsmidlar og formidle forskinga si til offentlegheita.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, deltek i instituttet si daglege drift og rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjarar må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk grad i digital kultur eller innan eit anna relatert forskingsfelt innanfor humaniora.
Søkjarar må ha ei god publisering av forsking innan spelestudium og digital forteljing. Praksisbasert anvendt forsking kan òg bli tatt i betraktning.
Søkjarar må vise framgang i forsking og publisering utover doktorgradsavhandlinga si og inkludere planar for framtidig forsking.
Interesse for å utvikle søknader til eksternt finansierte forskingsprosjekt er ønskjeleg.
Grunnleggjande undervisningsopplæring og erfaring med rettleiing av studentar på universitetsnivå er eit krav for stilling som førsteamanuensis (Nærare informasjon finn du her). Dette inneber gjennomført formell pedagogisk opplæring, og grunnleggjande ferdigheiter i planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing. Pedagogisk opplæring skal dokumenterast i ei pedagogisk mappe som skal innehalda ei oversikt over praktisk erfaring og kompetanse og ei kort refleksjonserklæring. Dersom den som blir tilsett ikkje har slik kompetanse på tilsetjingstidspunktet, vil vedkommande bli pålagt å oppnå og dokumentere slik opplæring innan to år etter tilsetjingsdato.
Flytande engelsk er eit krav.
Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.
Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt. Tilsetjingskomiteen vil ta karriereutviklingsstadiet til søkjaren i betraktning ved vurdering av søknaden.
Forskarar, som er tidleg til midt i karrieren sin og kandidatar frå tradisjonelt underrepresenterte sosiale grupper og bakgrunnar blir spesielt oppmoda til å søkje.
Vi tilbyr:
Eit aktivt, dynamisk og støttande forskingsmiljø.
Løn tilsvarande lønssteg 70-74 (kode 1011) i Statens regulativ. Dette utgjer i dag ei brutto årslønn på 661 000-713 600 kroner før skatt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Attraktive forskingsmoglegheiter, inkludert 46 prosent forskingstid i stillinga.
Svært gode karrieremoglegheiter, inkludert moglegheita til å søkje om opprykk til professor.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Tilsetjing på ein inkluderande arbeidsplass (IA-bedrift).
Gode velferdsordningar.
Norskkurs for internasjonale tilsette er tilgjengeleg.
Eigna pedagogikkurs tilgjengeleg for tilsette som manglar gjennomført formell pedagogisk opplæring på søknadstidspunktet.
Slik søkjer du på stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA».
Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:
Søknadsbrev
CV
Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular
Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her)
Informasjon og dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar
Informasjon og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd
Ein diskusjon om planar for framtidig forsking og korleis dei stemmer overeins med eller utfyller dagens forsking innan digital kultur ved Universitetet i Bergen
Ei fullstendig publikasjonsliste
Inntil fem forskingspublikasjonar publiserte dei siste fem åra som skal takast særskilt omsyn til i vurderinga
Namn og kontaktinformasjonen for tre referansepersonar.
Søknad og vedlegg med sertifiserte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp hos Jobbnorge.
Vedlegg skal lastast opp som PDF-filer.
Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle kandidatar vil bli invitert til intervju og prøveforelesing.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med instituttleiar Anders Fagerjord, e-post [email protected], telefon 47 55582418 eller professor Scott Rettberg, koordinator for programmet Digital kultur, e-post [email protected].
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
For spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen, ta kontakt med [email protected].