LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i berekraftig materialdesign

Søknadsfrist: 25.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for design er det ledig ei åremålsstilling for 6 år, som førsteamanuensis (50 %) i berekraftig materialdesign. Tilsetjing er ønska frå 1. august 2021.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer en førsteamanuensis til undervisning og forsking innanfor utvikling av nye materiale i et berekraftig perspektiv. Det vert forventa at søkjarar har bakgrunn frå objekt- / møbeldesign eller romleg design.

Vi søkjer ein førsteamanuensis med ambisjonar om å utforske nye berekraftige materialar og gjenvinning av materialar i design. Søkjarar må vise til omfattande praktisk erfaring innan feltet. Søkjarar som har erfaring med tverrfagleg samarbeid vil bli prioritert. Søkjaren må kunne reflektere kritisk over eiga forsking.

Relevante søkjarar må ha erfaring med forsking gjennom design, og må vere i stand til å integrere arbeidet sitt i eigen undervisningspraksis. Vi ser etter ein designar som kan engasjere og inspirere, oppmuntre til eksperimentering gjennom profesjonell praksis og gje råd om bruk av relevant teori.

Den tilsette vil jobbe tett med andre faglege tilsette og det er forventa at ein deltek i fagleg utvikling av instituttet sin forskings- og undervisningsprofil.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing.
  • Ansvar for undervisningsopplegg.
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid, prosjektutvikling/-leiing inkludert.
  • Hovudrettleiar for ph.d.-, MA- og BA-studentar.
  • Rekruttering av ph.d.-, MA- og BA-studentar.
  • Formidling.
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene.
  • Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd ph.d.-utdanning eller gjennomført godkjent stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid på aktuelt fagområde eller dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og med ei særleg fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for instituttets stab og studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Ein utvikla praksis innan fagområdet.
  • Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.

Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i lønnssteg 68 - 72 (lønsramme 24:8, med løn kr. 618 600 - 670 100 brutto i året i fulltidsstilling). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd.
  • Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar (pedagogisk mappe) (skjema til nedlasting/utfylling).

Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden. Det er viktig at søkaren tydeleggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og moglegheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Anette Højlund Pedersen, tlf +47 55 58 73 00, e-post: anette.hojlund@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS