LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis eller universitetslektor (10% bistilling) i medisin (RADIOLOGI) - Vestlandslegen

Søknadsfrist: 15.10.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis eller universitetslektor (10 % bistilling) i medisin (RADIOLOGI) Vestlandslegen

Ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (10 % bistilling) i medisin (radiologi) ved Klinisk institutt 1. Stillinga er for inntil to (2) år frå hausten 2023/våren 2024 etter nærare avtale. Bistillinga er knytt til fast stilling som lege (minimum 50 %) ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stilling som førsteamanuensis, er det aktuelt å tilsetje universitetslektor. Arbeidsstaden er ved SUS.

Bakgrunnen for utlysinga av stillinga er fakultetet sitt prosjekt for å etablere ein regional studiemodell for legeutdanninga ved UiB, i første omgang ved at det startar ein pilot i Stavanger med base ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) for inntil 20 studentar frå 4. studieår august 2023.

Vi søkjer etter ny kollega som saman med tilsette ved institutta vil bidra til framifrå undervisning for medisinstudentane i Stavanger.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Arbeidsoppgåver/forskingsområde for førsteamanuensis:

Denne stillinga skal først og fremst undervise og rettleie studentar, og undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til undervisning av medisinstudentar og til dette pilotprosjektet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde for universitetslektor:

Den som vert tilsett skal undervise og rettleie medisinstudentar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis:

Søkjar må vere cand.med. og fortrinnsvis spesialist eller under utdanning i det faget ein skal undervise og tilsettast i. Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse.

Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.- kandidatar. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor:

  • søkjar må vere lege (cand.med) og har spesialitet innan det faget det skal undervisast i.
  • det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt stort engasjement og interesse for undervisning
  • det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt
  • erfaring med populærvitskapleg formidling
  • det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Førsteamanuensis: Løn er for tida kr 708 000 - 732 300 (kode 1011, lønssteg 71-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Universitetslektor: Løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 60-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal innehalde for førsteamanuensis:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Søknaden skal innehalde for universitetslektor:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)
  • dersom du driv forsking legg du og ved: fullstendig publikasjonsliste og vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS