LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin (akutt- og mottaksmedisin) Søk stillinga

Søknadsfrist: 08.03.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin (akutt- og mottaksmedisin) 

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin (akutt- og mottaksmedisin) i fire (4) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling som overlege (minimum 50 %) ved Mottaksklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Arbeidsstad er ved Haukeland universitetssjukehus. 

Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Leie og initiere forskingsprosjekt
  • Undervise og rettleie studentar og stipendiatar. Undervisningsplikta er først og fremst knytt til akuttmottaksmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.
  • Ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
  • Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning.
  • Aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
  • Sende søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar må:

  • ha norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse.
  • vere lege (cand.med.) og ha spesialitet i akutt- og mottaksmedisin
  • ha erfaring med forskningsprosjekt i akuttmottak 
  • ha erfaring med undervisning, på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar
  • fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, eller skaffe seg dette innan fire år frå tilsetjing 

Det er ønskjeleg at søkjarar har:

  • erfaring med rettleiing av ph.d.-kandidatar
  • erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar
  • evne til å etablere internasjonale nettverk 
  • eiga forskingsgruppe, eller er i ferd med å etablera eiga forskingsgruppe
  • erfaring med og interesse for innovasjon 

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga og planar for eiga forsking
  • Utfyllande CV, vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Rune Oskar Bjørneklett, e-post: rune.bjorneklett@uib.no 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS