LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis (100%) i skulptur / installasjon

Søknadsfrist: 31.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis (100%) i skulptur/installasjon

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei stilling som førsteamanuensis (100 %) skulptur/installasjon i seksårig åremål. Stillinga er ledig frå januar 2021.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein kunstnar med kunstnarleg praksis på høgt internasjonalt nivå i skulptur/installasjon. Potensielle søkjarar må beherske forskjellige perspektiv på skulptur/installasjon og relaterte kunstnarlege medium i teori og praksis. Ytterlegare må eigen kunstpraksis og undervisning vere basert på ein brei kunnskap om samtidskunst, kunsthistorie og tekniske aspekt av skulptur/installasjon.

Førsteamanuensisen skal, i nært samarbeid med kollegaer, definere og utvikle KU- (kunstnarleg utviklingsarbeid) profilen til dette fordjupingsområdet ved instituttet. Søkjarar må ha interesse for å utvikle si kunstnarlege forsking innanfor rammene av Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst. Stillinga krev eit kritisk engasjement, både i undervisning og i studentane si kunstnarlege utvikling og i instituttet sitt kunstnarlege forskingsmiljø.

Den som tilsetjast må ha både omfattande kunstnarleg praksis og ei god teoretisk forståing for kunstfeltet. Vår nye førsteamanuensis må kunne arbeide med kunstnarleg utviklingsarbeid/forsking og kunne dokumentere kritisk refleksjon omkring kunstnarlege prosessar som kan takast inn i undervisninga. Den som vert tilsett, må kunne rettleie på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, og kunne vere hovudrettleiar for studentar som arbeider innan andre medium/uttrykk.

Fordjupingsområdet skulptur/installasjon er ein integrert del av instituttet sitt samla undervisningstilbod.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning og rettleiing.
  1. Ansvar for undervisningsopplegg.
  2. Kunstnarleg utviklingsarbeid, prosjektutvikling/-leiing inkludert.
  3. Hovudrettleiar for ph.d., MA og BA -studentar
  4. Rekruttering av ph.d., MA og BA -studentar
  5. Formidling av resultat.
  6. Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene.
  7. Administrative- og faglege koordineringsoppgåver og andre styringsoppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd gjennomført godkjend stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid på aktuelt fagområde, eller dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå, og med ei særleg fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Dokumentert evne til å skaffe eigne forskingsmidlar

Undervisningsspråket er skandinavisk eller engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i lønnssteg 64 - 72 (lønsramme 24:8, med løn kr. 573.100 - 667.200 brutto i året i fulltidsstilling). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg forsking og kunstnarleg verksemd
  • Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar (pedagogisk mappe) (skjema til nedlasting/utfylling).

Søkjaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkjaren tydeleggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og moglegheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Frans Jacobi, tlf: 55 58 74 84, e-post: frans.jacobi@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS