LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor II eller førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (transfusjonsmedisin)

Søknadsfrist: 17.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor II eller førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (transfusjonsmedisin)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som professor II eller førsteamanuensis (20 %, bistilling) i medisin (transfusjonsmedisin) i fem (5) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Laboratorieklinikken, Haukeland Universitetssjukehus med arbeidsstad same stad. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og også ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til profesjonsstudiet i medisin (hovudsakleg transfusjonsmedisinsk undervisning i semester 8), men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og også aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har norsk cand.med.- grad eller tilsvarande kompetanse og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil verte særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 79-81 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida kr 792 700 – 840 900 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 597 000-694 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 618 600 - 694 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei 10 vitskapelege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS