LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor / førsteamanuensis i personlegdomspsykologi

Søknadsfrist: 29.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 100% stilling som professor i personlegdomspsykologi knytt til profesjonsstudiet i psykologi. Det kan vere aktuelt å tilsetje ein førsteamanuensis dersom det ikkje er tilstrekkeleg kvalifiserte søkjarar for professorat.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga er knytt til profesjonsstudiet i psykologi. Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Emneansvar, undervising, rettleiing og sensur på alle nivå i profesjonsstudiet i psykologi, primært innan personlegdomspsykologi. Det kan òg bli aktuelt å bidra på andre studieprogram ved instituttet.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett deltar i å utvikle studieprogram og studieemne, samt deltar i å utvikle og utprøve nye undervisingsformer der studentane sitt læringsutbytte står i sentrum.
  • Det blir forventa at den tilsette bidreg til forskingsfronten innan personlegdomspsykologi gjennom aktiv deltaking i ei av instituttet sine forskingsgrupper.
  • Initiere og ta del i samarbeid om forskingsprosjekt, søknadsskriving og publisering.
  • Samarbeide tett med kollegaer ved instituttet.
  • Ta del i administrative oppgåver, møter og komitéarbeid på lik linje med andre tilsette ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må på søknadstidspunktet enten ha oppnådd ph.d./doktorgrad innan personlegdomspsykologi eller område med høg relevans for personlegdomspsykologi, eller ha dokumentasjon på levert ph.d.-avhandling innan personlegdomspsykologi eller område med høg relevans for personlegdomspsykologi. Denne må vere godkjend før tilsetjing.
  • Søkjar bør vere kvalifisert for stilling som professor i personlegdomspsykologi eller område med høg relevans for personlegdomspsykologi. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar med slik bakgrunn, kan det verte aktuelt med tilsetting som førsteamanuensis innanfor same fagområde.
  • Søkjar må kunne dokumentere undervisings- og forskingserfaring innan personlegdomspsykologi eller områder med høg relevans for personlegdomspsykologi.
  • Det vil vere ein føremon viss ein i tillegg kan dokumentere undervisings- og forskingserfaring innan eit av dei andre basalområda ved instituttet (utviklingpsykologi, kognitiv psykologi eller sosialpsykologi)
  • Det vil telje positivt viss søkjar har erfaring frå å søke om forskingsmidlar frå eksterne kjelder (t.d. Noregs forskningsråd)
  • Det vil telje positivt viss søkjar kan dokumentere praksis frå arbeid som psykolog
  • Søkjar sitt potensiale for forsking vil verte vektlagd.
  • Motivasjon og personlege eigenskapar vil verte vektlagd.
  • Han eller ho må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for begge stillingar, sjå «Regler for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB».
    • For professorstilling må dette vere oppnådd på søknadstidspunktet. For førsteamanuensisstilling: dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse på søknadstidspunktet, må krava vere oppfylte innan to år.
  • Kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som professor (kode 1013) i lønssteg 80 - 85, som for tida utgjer ei brutto årsløn på kr 825 900 - 948 900 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Dersom det ikkje er tilstrekkeleg kvalifiserte søkjarar til professorstilling, kan det verte aktuelt å tilsetje i stilling som førsteamanuensis. Løn etter lønssteg 70 - 74 (kode 1011) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 650 300 - 702 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin bakgrunn og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Stadfesting på levert doktoravhandling (dersom doktorgrad ikkje er oppnådd på søknadstidspunktet)
  • Namn på to referansar med kontaktinformasjon
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her
  • Liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde (ved vurdering til professor er det maksimalt 15 vitskaplege arbeid og ved vurdering til førsteamanuensis er det maksimalt 10 vitskaplege arbeid)
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (ved vurdering til professor er det maksimalt 15 vitskaplege arbeid og ved vurdering til førsteamanuensis er det maksimalt 10 vitskaplege arbeid)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS