LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor / førsteamanuensis i barnevern / sosialt arbeid

Søknadsfrist: 14.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor

Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) ved Det psykologiske fakultet har ledig ei fast (100 %) stilling som professor i barnevern/sosialt arbeid. Dersom det ikkje melder seg aktuelle søkjarar med professorkompetanse, kan det bli aktuelt å tilsetje i ei førsteamanuensisstilling. Stillinga er ledig frå 1. januar 2023. HEMIL er eit tverrfagleg institutt som driv forsking og masterprogram på fagfelta barnevern, helsefremmande arbeid og global utvikling. Instituttet er en del av Alrek Helseklynge ved Universitetet i Bergen.

Nye nasjonale retningslinjer for masterprogrammet i barnevern blir vedteke i 2021. Dei nye retningslinjene vil få stor innverknad på utviklinga av masterprogrammet ved Det psykologiske fakultet, eit program som blir tilbydd frå hausten 2022. Den som blir tilsett i stillinga vil vere ein viktig fagperson i arbeidet med vidareutviklinga av masterprogramma i barnevern og i barnsvernsarbeid.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Arbeidsoppgåvene er knytte til forsking med relevans for barnevern, utsette born, unge og deira familiar, samt undervisning på masterprogramma i barnevern/barnevernsarbeid.

Den som vert tilsett skal, i samarbeid med kollegaer, forske, publisere og leie utarbeiding av nye forskingsprosjekt som er relevante for barnevernets kunnskapsfelt, og utarbeide søknader om eksterne forskingsmidlar. Den tilsette skal undervise, ha emneansvar og rettleie på master- og PhDnivå

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha doktorgrad i relevant disiplin (til dømes barnevern, sosialt arbeid, sosiologi, statsvitskap, sosialantropologi, samfunnsvitskap, juss, eller psykologi)
  • Søkjar må ha erfaring frå forsking på tema barnevern og/eller sosialt arbeid, eller andre tenester for utsette born, unge og deira familiar
  • Søkjar må kunne dokumentere erfaring frå undervisning og rettleiing
  • Søkjar må ha kompetanse innan eit eller fleire av områda i forskrift for nasjonale retningslinjer for master i barnevernsarbeid
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga. Kravet er absolutt for professor, medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
  • Undervisningsspråket er norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk frå tilsetting.
  • Søkjar må dokumenterte skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • Søkjar må ha gode formidlingsevner på engelsk, både munnleg og skriftleg
  • Det blir lagt vekt på om søkjar har fagleg engasjement og interesse for å auke kompetansen innan barnevernsfeltet
  • Det vil telje positivt om søkjar har praksis og erfaring frå barnevern, sosialt arbeid eller andre tenester for utsette born, unge og deira familiar, og ein søkjar med bakgrunn frå barnevern/sosialt arbeid vil bli føretrekt ved lik kvalifisering
  • Publikasjonar som er relevante for barnevernet sitt kunnskapsfelt dei siste fem år vil bli særleg vektlagde i vurderinga

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Professor får løn etter lønssteg 79-81 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida for tida 801 300 - 850 000 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling
  • Førsteamanuensis får løn etter 68 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 626 100 – 702 100 brutto.
  • Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil at det skal takast omsyn til i vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde (høgst ti for førsteamanuensis, høgst femten for professor)
  • Ei skildring av dei vitskapelege arbeida som du vurderer som dei viktigaste, og som du særleg vil ha lagt til grunn for vurderinga (maksimalt fem arbeid)
  • Opptil ti/femten vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurdering

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurderte ut frå informasjon og vedlegg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som du vil at det skal takast omsyn til i vurderinga blir lasta opp i sin heilskap

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS