LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor eller førsteamanuensis i klinisk psykologi

Søknadsfrist: 03.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor eller førsteamanuensis i klinisk psykologi

Ved Senter for krisepsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 100 % stilling i klinisk psykologi retta mot forsking på sorg og traumer. Dersom det ikkje melder seg aktuelle søkjarar med professorkompetanse, kan det bli aktuelt å tilsetje i ei førsteamanuensisstilling.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar om prosjektutvikling og forsking retta mot utvikling, diagnostikk, førebygging og behandling av komplisert sorg hos barn og vaksne.
  • Samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar om prosjektutvikling og fors king retta mot forståing av sorg i eit samfunnsperspektiv - sorg som rammer lokalsamfunn i samband med drap, sjølvmord, ulukker og katastrofar.
  • Ta aktivt del i senterets formidling, faglegadministrative oppgåver og bidra til å utvikle søknadar om ekstern finansiering av forsking og utdanning.
  • Undervising og rettleiing på etter- og videreutdanningskurs tilknytta senteret og anna undervising på bachelor- master- og ph.d-nivå
  • Rettleiing av studentar med studentstipend, stipendiatar og forskarar innan eige fagområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må på søknadstidspunkt ha doktorgrad i psykologi.
  • Det blir lagt vekt på om søkjar har erfaring med prosjektutvikling og søknad om ekstern finansiering av forsking, utdanning- og innovasjonsprosjekt.
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå.
  • Erfaring frå forskingsadministrativt arbeid.
  • Erfaring frå fagformidling og populærvitskapeleg formidling.
  • Det vil bli lagt vekt på klinikknær forskar-erfaring og ambisjonar og planar om å vidareutvikle senteret sin satsing på sorg og traumefeltet.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga.
  • Den som blir tilsett vil få tilbod om universitetspedagogisk opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men den som blir tilsett bør også ha erfaring i å undervise på engelsk.
  • Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk seinast innan to år etter tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Professor får løn etter lønssteg 79-81 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 792 700 - 840 900 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling.
  • Førsteamanuensis får løn etter 68 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 618 600 - 694 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga og kva ambisjonar du har for denne stillinga ved Senter for krisepsykologi
  • Utfyllande CV 
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Namn og kontaktopplysingar til to referansar
  • Fullstendig publikasjonsliste.
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar.  
  • Liste over (ti)vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Opptil ti vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurderte ut frå informasjon og vedlegg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga, i sin heilskap blir lasta opp som vedlegg til søknaden; jamfør siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleder, Senterleder Jarle Eide +47 55 58 91 88 /+47 930 35 253

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS