LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor eller førsteamanuensis - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 15.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor eller førsteamanuensis

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling (100 %) som professor i odontologi (pedodonti) ved Institutt for klinisk odontologi. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med professorkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetje førsteamanuensis.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Institutt for klinisk odontologi har 4 forskingsgrupper som forskar på biomaterialer, infeksjon og inflammasjon, populasjons og klinisk retta forsking, og vevsregenerasjon. Instituttet har ansvar for teoretisk og klinisk undervisning ved fagseksjonane. Undervisninga dekker tannlege- og tannpleiarutdanninga, kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med eksamen utanfor EU/EØS og spesialistprogrammane. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren innan klinisk verksemd og forsking, og har fagleg tyngde innanfor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet og fagseksjonen pedodonti. Søkjar må dokumentere eiga forsking relatert til faget pedodonti.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til Seksjon for pedodonti, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande

kompetanse, og har eller kan få norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingstidspunktet. Det er vidare eit krav om godkjent spesialistutdanning i pedodonti og klinisk erfaring i faget fortrinnsvis frå Skandinavia. Kjennskap til Skandinavisk odontologi er ein føresetnad. Vi ønsker ein kandidat med evne og erfaring til samarbeid mellom ulike helseaktørar. Søkjar må kunne vise til erfaring med kunnskapsformidling, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 79-81 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 814 900 - 864 500 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 68-74 (kode 1011/lønsramme 24.10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 636 700 – 714 000 eller lønssteg 70-74 (spesialist) for tida kr 661 400 – 714 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS