Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor / førsteamanuensis i operativ leiing og kriseberedskap

Søknadsfrist: 22.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor/førsteamanuensis

Ved Senter for krisepsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 50 % stilling som professor i operativ leiing og kriseberedskap. Det kan verte aktuelt å tilsetje ein førsteamanuensis dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar for professorat.

Stillinga er innretta mot å styrke senterets forsking og utdanning innan operativ leiing, samhandling, krisekommunikasjon og beredskap med særlig innretning mot utdanning og trening av innsatspersonell. Oppstart i stilling i løpet av 2020, eller etter nærmare avtale.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Samarbeide med aktuelle lokale, nasjonale og internasjonale partnarar om forsking og formidling innan fagfeltet.
  • Undervise, ta emneansvar og rettleie på master- og PhD-nivå i operativ leiing og kriseberedskap.
  • Rettleie og følgje opp studentar som gjennomfører feltarbeid og praksis innan området.
  • Utvikle søknader om finansiering av forsking frå NFR, Helseføretaket, EU og andre kjelder.
  • Ta del i arbeidet med å etablere og gjennomføre etter og vidareutdanning ved senteret.
  • Ta del i publisering, formidling og fagleg administrativt arbeid ved senteret.
  • Rettleiing av studentstipend, stipendiatar og forskarar innan eige fagområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha doktorgrad innan relevant fagfelt med innretning mot operativ leiing og krisehandtering.
  • Søkjar må ha erfaring frå operativ leiing, utdanning og forsking med relevans for samfunnssikkerhet og beredskap.
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing av studentar på bachelor, master og PhD nivå vert vektlagt.
  • Forskingsadministrativ erfaring, bedømming og fagfellevurdering.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men den som blir tilsett bør også ha erfaring i å undervise på engelsk.
  • Søkjar bør vere kvalifisert for stilling som professor i operativ leiing og kriseberedskap. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar med slik bakgrunn, kan det verte aktuelt med tilsetting som førsteamanuensis innanfor same fagområde.
  • Kompetansekrav for tilsetjing i stilling som professor fremgår av forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, §1-2.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • For professorstilling: Løn etter lønssteg 77 - 85 (kode 1013) etter hovudtariffavtalene i staten. Dette utgjer for tida kroner kr 741 300 - 934 800 (brutto inkl. OU). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Førsteamanuensis: Løn etter lønssteg 64 - 77 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) etter hovudtariffavtalene i staten. Dette utgjer for tida kr 573 100 - 741 300 (brutto inkl. OU). Direkteplassering kan verte aktuelt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningard

Søknden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn og kontaktopplysingar til to referansar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Ved vurdering til professor er det maksimalt 15 vedlegg som kan lastas opp, og ved vurdering til førsteamanuensis er det maksimalt 10 vedlegg.Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (jf. siste kulepunkt).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • professor Jarle Eid, Senter for krisespsykologi, jarle.eid@uib.no, +47 55 58 91 88

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS