LEDIG STILLING VED OSLOMET

Førsteamanuensis / førstelektor i samfunnsfag

Søknadsfrist: 12.04.2021

OsloMet

OsloMet – storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI) har ca. 550 ansatte og 7000 studenter, og holder til i Oslo og Akershus. Fakultetet består av fire institutter og Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO). Fakultetet utdanner fremtidens lærere fra barnehage til og med videregående skole, i nært samarbeid med praksisfeltet. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitenskap for lærerutdanning. I tillegg tilbyr fakultetet utviklingsstudier og utdanning i tegnspråk og tolking. Mangfold er en kjerneverdi for fakultetets virksomhet. Forsknings- og utviklingsarbeidet er profesjonsrettet, praksisnært og internasjonalt orientert.

Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU) har sterke fagmiljøer som bidrar til forskningsbasert kunnskap av relevans for samfunnets utfordringer på barnehagefeltet. Instituttet utvikler sine utdanninger i nært samarbeid med praksisfeltet gjennom studentenes praksisopplæring og gjennom forsknings- og innovasjonsprosjekter. Instituttet tilbyr bachelorstudier i barnehagelærerutdanning, masterstudium i barnehagekunnskap og etter- og videreutdanninger.

Ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium er det ledig inntil to 100 % faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor i samfunnsfag med tilsetjing 1. august 2021. Det er innanfor fagområda leiing, rettleiing og organisasjonsutvikling vi treng fleire dyktige medarbeidarar.

Institutt for barnehagelærarutdanning har ca. 2000 studentar og 115 tilsette og er lokalisert i Pilestredet i Oslo sentrum. Instituttet tilbyr bachelor i barnehagelærarutdanning og master i barnehagekunnskap og dessutan ei rekkje etter- og vidareutdanningskurs. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitskap for lærarutdanning. Instituttet har eit utstrekt samarbeid med barnehagar og institusjonar som er relevante for arbeidet vårt.

Kollegiet samarbeider i tverrfaglege undervisningsteam. Organisasjon og leiing inngår mellom anna i kunnskapsområdet «leiing, samarbeid og utvikling», på bachelorutdanninga, masterprogram, vidareutdanningar og på oppdrag, som til dømes Regional ordning.

Les meir om fakultetet og instituttet herLes meir om forskargruppene våre her

Arbeidsoppgåver:

  • undervise og rettleie på bachelor-, master- og ev. ph.d.-nivå og dessutan EVU-tilbod
  • arbeide med kurs og oppdrag avhengig av kompetansen til søkjaren og behova til instituttet
  • følgje opp studentar i praksis
  • gjennomføre eige forskings- og utviklingsarbeidLærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forskings- og utviklingsarbeid står sentralt ved fakultetet. Difor er det viktig at den som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar.
  • ta initiativ til og delta i utviklinga av større forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • oppsøkje og delta i forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
  • bidra i arbeidet med å vidareutvikle fagmiljøet og utdanningane ved instituttet
  • formidle forskingsresultat til både fagmiljø og samfunnet elles
  • utføre fagleg-administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetjing i stilling som førsteamanuensis krevst det doktorgrad i samfunnsfag eller tilsvarande.
  • For tilsetjing i stilling som førstelektor krevst det embetseksamen, hovudfag eller mastergrad i samfunnsfag og dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarer til arbeidsmengd og nivå for ei doktorgradsavhandling.
  • Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med førstekompetanse, kan det vere aktuelt med mellombels tilsetjing i stilling som universitetslektor med krav om kvalifisering for fast tilsetjing som førsteamanuensis/førstelektor innan tre år, jf. UH-lova § 6-5. Ph.d.-kandidatar som enno ikkje har levert inn doktorgradsavhandling, kan vere slike kandidatar. Slike kandidatar kan også vere søkjarar som har nok publiseringar av høg kvalitet til å kunne søkje opprykk til førstelektor innan få år.
  • For mellombels tilsetjing i stilling som universitetslektor i samfunnsfag krevst det mastergrad, hovudfag eller embetseksamen i samfunnsfag.
  • Søkjarar må dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse.Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere pedagogisk basiskompetanse, må skaffe seg denne kompetansen innan to år. OsloMet tilbyr eit emne i universitetspedagogikk (UHPED) på engelsk som stettar dette kravet, saman med Universitetet i Oslo.
  • Det krevst god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk.Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere adekvat kompetanse i eit skandinavisk språk, må skaffe seg språkferdigheiter i norsk tilsvarande minst B2-nivået innan tre år.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:

  • forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillingaPublikasjonar frå dei siste seks åra vil bli vektlagde.
  • røynsle med forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering
  • potensial for prosjektakkvisisjon
  • røynsle med og kunnskap om organisasjon og leiing
  • undervisnings- og rettleiingsrøynsle på bachelor- og masternivå
  • pedagogiske evner
  • kjennskap til og/eller røynsle frå barnehagefeltet
  • god digital kompetanse, inkludert røynsle med studentaktive læringsformer og bruk av digitale undervisnings- og vurderingsverktøy
  • god evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
  • personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk og engelsk

Generelle kriterium for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.

Det er viktig for OsloMet å spegle folkesetnaden i regionen. Vi arbeider aktivt med å utvikle OsloMet vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje arbeidsplassen til rette dersom det er behov for det. Vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen, òg søkjarar som har opplevd periodar i livet utan arbeid, utdanning eller opplæring.

Søknadsprosess:

Følgjande dokument må lastast opp innan søknadsfristen:

  • søknadsbrev
  • CV
  • attestar og alle sider av vitnemål
  • fullstendig publikasjonsliste
  • inntil ti vitskaplege arbeid og eit oversyn over desse arbeida, inkl. ph.d.-avhandling dersom relevant
  • to referansar med kontaktinformasjon

OsloMet behandlar berre søknadar som er sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem, og alle dokument må lastast opp for at din søknad skal verta behandla. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og originalar må visast fram ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tekne til vurdering.

Søkjarar vil bli vurderte av eit sakkunnig utval. Før søknadspapira blir sende til dette utvalet, vil alle søknadene bli gjennomgått ved fakultetet. Søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli sende til vurdering.

Har du dokumentar som ikkje kan lastas opp elektronisk, kontakt: Ingrid Andvin Tsolakis [email protected]

Vi tilbyr:

  • interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet
  • tid til profesjonsnært forskings- og utviklingsarbeid
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport

Andre opplysningar:

For nærare informasjon om stillinga kan følgjande kontaktast:

Stillinga blir lønt etter statens lønnsregulativ og OsloMets lønnspolitikk, som førsteamanuensis i kode 1011 og førstelektor i kode 1198, lønnssteg 60–74 (frå kr 535 200 til kr 694 400 per år), eventuelt i stilling som universitetslektor i kode 1009, i lønnssteg 51–66 (frå kr 458 900 til kr 597 000 per år). Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til SPK.

Søk elektronisk på stillinga ved å nytte knappen nedst på sida «Logg inn og søk stillinga».

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere. OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment).

Referansenummer: 21/01746

Logg inn og søk stillinga

Powered by Labrador CMS