Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i medisinsk teknologi / medisinsk fysikk

Søknadsfrist: 14.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis innan medisinsk teknologi/medisinsk fysikk

Ved institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan medisinsk teknologi/medisinsk fysikk.

Om instituttetInstitutt for fysikk og teknologi driv forsking og utdanning som spenner frå basal grunnforsking på dei minste byggesteinane i universet til teknologi og innovasjon for å bidra til å løyse utfordringar verda står framfor i dag innanfor til dømes helse og energi. Instituttet har store forskingsgrupper i romfysikk og i kjerne- og partikkelfysikk, og har sterke fagmiljø til dømes i elektronikk og målevitskap, nanofysikk, medisinsk fysikk, energi, akustikk og optikk. Forskinga er i stor grad eksternfinansiert, blant anna er vi vertskap for SFF «Birkeland Center for Space Science». Instituttet spelar ei sentral rolle i UiBs nye siv.ing.-program i havteknologi, medisinsk teknologi og energiteknologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Medisinsk fysikk er eit fagfelt som har utvikla seg mykje dei seinare åra. Djup innsikt i fysikk er naudsynt for å utvikle utstyr og teknologi som kan nyttast i ny og betre pasientbehandling. Eit senter for strålebehandling med proton (protonterapi) er under planlegging i Bergen, og eit sentralt aspekt ved den utlyste stillinga er å bidra med relevant forsking og undervisning opp mot protonterapi. Det forventes at den som vert tilsett i stillinga viderefører instituttet sin forskingsaktivitet rundt strålebiologi, modellering og Monte Carlo-baserte doseberekningar for protonterapi. Arbeidsoppgåvene vil også innebære forsking og undervisning på tradisjonell fotonbasert stråleterapi i samarbeid med avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk ved Haukeland Universitetssjukehus. Institutt for fysikk og teknologi har eit masterprogram i medisinsk fysikk med fokus på medisinsk avbilding og stråleterapi. Det er også nyleg starta eit nytt studieprogram i medisinsk teknologi som gjev nye utfordringar innan undervisning og rettleiing av studentar. Den som vert tilsett i stillinga skal bidra til å styrke instituttets kompetanse innan stråleterapi, og vere med å utvikla undervisinga i medisinsk fysikk og teknologi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan fysikk/medisinsk fysikk.
  • Søkjarar må ha solid og dokumentert forskingserfaring frå feltet stråleterapi, med spesielt fokus på protonterapi.
  • Søkjarar må ha gode programmeringskunnskapar (C/C++, Python, Fortran mm).
  • Søkjar må ha erfaring i leiing av forskingsprosjekt/forskingsgruppe og i rettleiing av doktorgradsstudentar.
  • Søkjarar må ha solid erfaring med Monte Carlo-simuleringar for protonterapi.
  • Søkjarar må ha erfaring med doseplansystem for stråleterapi.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Erfaring med strålebiologisk modellering i protonterapi er ein føremon.
  • Erfaring frå analyse av medisinsk bilete (PET, CT, MR) er ein føremon.
  • Erfaring frå undervisning i medisinsk fysikk og teknologi er ein føremon.
  • Eit breitt nettverk både nasjonalt og internasjonalt innan sitt fagfelt er ein stor føremon.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av:

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program).
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå.
  • oversyn over master- og doktorgradsrettleiing og resultat.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Den som blir tilsett, må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring. Vedkommande må i slike tilfelle dokumentere at utdanninga er fullført innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66–74 (kode 1011). Dette utgjer ei årsløn på kr 594 400 - 691 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15. september kvart år.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadar sendt på e-post vil ikkje bli vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Øyvind Frette, Institutt for fysikk og teknologi, e-post: oyvind.frette@uib.no / tlf. (+47) 55 58 27 60

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS