LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis eller universitetslektor (bistilling) i medisin (allmennmedisin)

Søknadsfrist: 04.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Førsteamanuensis eller universitetslektor (bistilling) i medisin (allmennmedisin), Vestlandslegen

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis eller universitetslektor (bistilling) i medisin (allmennmedisin), Vestlandslegen (Stavanger)

Ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig 1-2 åremålsstillingar som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (allmennmedisin) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin knytt til Fagområde for allmennmedisin. Stillingane er for inntil tre (3) år frå våren/hausten 2024 etter nærare avtale. Bistillingane er knytt til fast relevant hovudstilling som allmennlege/lege i primærhelsetenesta (minimum 50 %). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar som førsteamanuensis, er det aktuelt å tilsetje universitetslektor. Arbeidsstad er Stavanger.

Vi søkjer etter nye kollegaer som saman med tilsette ved institutta vil bidra til framifrå undervisning for medisinstudentane.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Førsteamanuensis:

Den som vert til sett skal først og fremst undervise og rettleie studentar, og undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til undervisning av medisinstudentar.

Universitetslektor:

Den som vert tilsett skal undervise og rettleie medisinstudentar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. 

Den som vert tilsett skal undervise medisinstudentar i det til ein kvar tid pågåande studieprogram. Det kan vera aktuelt med undervisning i relaterte emne og studieprogram.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Førsteamanuensis:

Søkjar må vere lege (cand.med.) og fortrinnsvis spesialist eller under utdanning i allmennmedisin. Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse.

Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.- kandidatar. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga. Sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis som ikkje oppfyller kravet før tilsetjing vil få tilbod om og pliktar å gjennomføre pedagogisk opplæring. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Den som vert tilsett skal kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga, og får om naudsynt tilbod om språkkurs.

Universitetslektor:

  • Søkjar må vere lege (cand.med) og fortinnsvis ha spesialitet i allmennmedisin
  • Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt stort engasjement og interesse for undervisning
  • Det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt
  • erfaring med populærvitskapleg formidling
  • Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Førsteamanuensis: Løn er for tida kr 708 000 - 732 300 (kode 1011, lønssteg 71-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Universitetslektor: Løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 60-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden for førsteamanuensis skal ha med:

  • Søknad som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Søknaden for universitetslektor skal innehalde:

  • Søknad som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV og karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)
  • Dersom du driv forsking legg du og ved: fullstendig publikasjonsliste og vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS