LEDIG STILLING VED OSLOMET

Førsteamanuensis / førstelektor i nordisk / norskdidaktikk

Søknadsfrist: 03.01.2021

OsloMet

OsloMet – storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning (GFU) ved Fakultet forlærarutdanning og internasjonale studium er det ledig to 100 % faste og to100 % midlertidige stillingar som førsteamanuensis/førstelektor inordisk/norskdidaktikk med tilsetjing 01.08.21. Midlertidige stillingar harvarigheit eit år frå tilsetjing.Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning står midt oppe i spennandeutfordringar med implementering av femårige masterutdanningar forgrunnskolelærar og utvikling av skoleutviklingsprosjekt.

For å nå våreambisjonar søker vi dyktige og engasjerte medarbeidarar. Instituttet leiar og administrerer den nasjonale lærarspesialistutdanninga i norsk,etter- og vidareutdanningar gjennom kompetanse for kvalitet samtfagfordjupingar og masterutdanningar i norskdidaktikk for arbeid i grunnskolen.

Dei som blir tilsette, må samla fylle behovet for fagleg breidd i seksjonen.

Det erein fordel med kompetanse i:

• lese- og skrivevanskar

• begynnaropplæring

• norsk som andrespråk og språkdidaktikk generelt

• litteraturdidaktikk, barne- og ungdomslitteratur og kanonlitteratur

Les meir om fakultetet, instituttet og forskargruppene våre her.

Arbeidsoppgåver:

• undervise og rettleie på bachelor-, master- og ev. ph.d.-nivå, og dessutan påetter- og vidareutdanningar

• følgje opp studentar i praksis og ha kontakt med skolar og skoleeigarar

• gjennomføre eige forskings- og utviklingsarbeid Lærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forskings- og utviklingsarbeid står sentralt ved fakultetet. Difor er det viktig at den som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar.

• ta initiativ til og delta i utviklinga av større forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet

• oppsøkje og delta i forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar

• bidra i arbeidet med å vidareutvikle fagmiljøet og utdanningane ved instituttet

• formidle forskingsresultat til både fagmiljø og samfunnet elles

• utføre fagleg-administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

• For tilsetjing i stilling som førsteamanuensis krevst det doktorgrad i nordisk/norskdidaktikk.

• For tilsetjing i stilling som førstelektor krevst det embetseksamen, hovudfag eller mastergrad i nordisk/norskdidaktikk og dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarer til arbeidsmengd og nivå for ei doktorgradsavhandling.

• Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det vere aktuelt med mellombels tilsetjing i stilling som universitetslektor med krav om kvalifisering for fast tilsetjing innan tre år, jf. UH-lova § 6-5. Ph.d.-kandidatar som enno ikkje har levert inn doktorgradsavhandling, kan vere slike kandidatar.

• For mellombels tilsetjing i stilling som universitetslektor i nordisk/norskdidaktikk krevst det mastergrad, hovudfag eller embetseksamen i nordisk/norskdidaktikk.

• Søkjaren må dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse. Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere pedagogisk basiskompetanse, må skaffe seg denne kompetansen innan to år. OsloMet tilbyr eit emne i universitetspedagogikk (UHPED) på engelsk som stettar dette kravet, saman med Universitetet i Oslo.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på

• forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillingaPublikasjonar frå dei siste seks åra vil bli vektlagde.

• røynsle med forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering

• potensial for prosjektakkvisisjon

• undervisnings- og rettleiingsrøynsle på bachelor- og masternivå

• pedagogiske evner

• kjennskap til og/eller røynsle frå skolefaget norsk

• god kjennskap til det norske skolesystemet

• god digital kompetanse, inkludert røynsle med studentaktive læringsformer og bruk av digitale undervisnings- og vurderingsverktøy

• god evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer

• personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet

• god munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål, samt engelsk

Generelle kriterium for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.

Det er viktig for OsloMet å spegle folkesetnaden i regionen. Vi arbeider aktivt med å utvikle OsloMet vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje arbeidsplassen til rette dersom det er behov for det. Vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkomne, òg søkjarar som har opplevd periodar i livet utan arbeid, utdanning eller opplæring.

Søknadsprosess:

Følgjande dokument må lastast opp innan søknadsfristen:

• søknadsbrev

• CV

• attestar og alle sider av vitnemål

• fullstendig publikasjonsliste

• inntil ti vitskaplege arbeid og eit oversyn over desse arbeida, inkl. ph.d.-avhandling dersom relevant

• to referansar med kontaktinformasjon

Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og originalar må visast fram ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tekne til vurdering.

Søkjarar vil bli vurderte av ein sakkunnig komité. Før søknadspapira blir sende til komiteen, vil alle søknadene bli gjennomgått ved fakultetet. Søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli sende til vurdering.

Vi tilbyr

• interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet

• tid til profesjonsnært forskings- og utviklingsarbeid• låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse

• gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sportAndre opplysningar:

For nærare informasjon om stillingane kan følgjande kontaktast:

• Studieleiar Janne Herseth, [email protected]

• Seksjonsleiarar Anne Kristine Øgreid, [email protected] og

Trine Gedde-Dahl, [email protected]

Stillingane blir lønt etter statens lønnsregulativ og OsloMets lønnspolitikk, som førsteamanuensis i kode 1011/førstelektor i kode 1198, lønnssteg 60-74 (frå kr 535 200,- til kr 694 400,- per år), og som universitetslektor i kode 1009, lønnssteg 51-66 (frå kr 458 900,- til kr 597 000,- per år). Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til SPK.

Søk elektronisk på stilling ved å nytte knappen nedst på sida «Logg inn og søk stillingen».

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere. OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (The San Francisco Declaration on Research Assessment).

Referansenummer: 19/09016

Logg inn og søk stillingen

Powered by Labrador CMS