Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

To stillingar som førsteamanuensis - Institutt for klinisk psykologi

Søknadsfrist: 28.01.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Ved Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig to faste stillingar som førsteamanuensis i klinisk psykologi.

Instituttet har ansvar for forsking og undervising innanfor kjerneområda i klinisk psykologi. Desse er grunnlag for psykologars yrkesutøving i helsevesenet, både innanfor spesialisthelseteneste, førstelinje og lavterskeltilbod. Instituttet sin forsking og kompetanse omfattar utredning og behandling av et breitt spekter av psykiske lidingar. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap innanfor dei sentrale områda av evidensbasert psykologisk behandling. Ved Institutt for klinisk psykologi er det tre opplæringsklinikkar: Psykologisk poliklinikk for barn og ungdom, Psykologisk poliklinikk for unge og vaksne og Psykologisk poliklinikk for vaksne og eldre. Opplæringsklinikkane tilbyr behandling til barn, unge, vaksne og eldre. Behandling utføres av psykologistudentar under rettleiing av psykologspesialister, og er gratis.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Begge stillingane er knytt til undervising og forsking/fagutvikling ved Institutt for klinisk psykologi, og konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • emneansvar og undervising i klinisk psykologi generelt
  • rettleiing av studentar innanfor intern-klinisk opplæring og deltaking i klinikkmøter og kasuspresentasjonar
  • oppgåverettleiing og sensur på instituttets undervisningsemne
  • seksjonsleiing av opplæringsklinikk

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kompetansekrav for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis fremgår av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisings- og forskarstillingar §1-4.

  • søkjar må ha doktorgrad i psykologi på søknadstidspunktet
  • søkjar må ha autorisasjon som psykolog i Noreg eller fylle krava til slik autorisasjon på søknadstidspunktet
  • søkjar må vere ferdig utdanna psykologspesialist eller ha tilsvarande praksiserfaring og kompetanse på søknadstidspunktet.
  • søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • det er ønskelig med erfaring fra prosjektleiing og forskingsrettleiing.
  • han eller ho må ha evne til å skape eit godt læringsmiljø
  • det er krav om grunnleggande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskolenivå konkretisert ved at følgande skal dokumenterast på bakgrunn av eigen undervising/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning:
    • grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing
    • evne til å reflektere over eiga rolle, samt diskutere og begrunne eigne val i planlegging, gjennomføring og utvikling av undervising og rettleiing
  • i fall søkjar ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil vedkommande verte pålagt å oppfylle krava innan to år frå tilsetjinga.
  • det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstartsdato

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 67 - 70 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 605 100 - 639 800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Nam og kontaktopplysingar til to referansar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Offentleggjorde vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10)

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjars sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (jf. siste kulepunkt).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • instituttleder Helge Molde, e-post: helge.molde@uib.notlf: 55 58 86 82

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS