HØGSKULEN I VOLDA HAR EN LEDIG SPENNENDE STILLING!

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i medieproduksjon - st.nr. 57/2021

Søknadsfrist: 10.01.2022

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Om stillinga

Vil du vere med å utdanne morgondagens medieprodusentar?Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag, har vi ledig ei 100% fast stilling som førsteamanuensis/høgskulelektor/førstelektor ved Institutt for film og animasjon, frå 1.6.2022. Dato for oppstart kan justerast etter avtale.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

- profesjonell erfaring innan videoproduksjon og postproduksjon

- praktisk og teoretisk kompetanse i visuell historiefortelling og bruk av dramaturgiske virkemidlar

- høgare utdanning innan fagområdet, med ein master eller tilsvarande

- solid forståing for og kompetanse på bruk av sosiale og digitale medier

- god evne til å formulere deg skriftleg og munnleg

Det er en fordel om du:

- har relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing

- kan undervise og rettleie i heile produksjonsprosessen, frå idéutvikling og planlegging til opptak og postproduksjon

- har erfaring innan både einkamera og fleirkamereproduksjon

- har interesse for medieutviklinga, bruk av ny teknologi og utvikling av forteljarformer på ulike plattformar

- har interesse for innovasjon og entreprenørskap

Søkar må ha gode kunnskapar i norsk/skandinavisk språk og engelsk, både skriftleg og munnleg, og kunne undervise på både norsk/skandinavisk og engelsk. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Personlege eigenskapar vert vektlagt. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og evne til å ta initiativ, vere ryddig og arbeide både sjølvstendig og i team vil vere viktig.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveundervisning.

Søkar må ha masterutdanning eller godkjent kompetanse på same nivå. Ein elles kvalifisert søkjar som er i eit masterløp kan få tilbod om stillinga under føresetnad at master vert fullført innan to år. Søkjar må dokumentere eiga kompetanse, utdanning, arbeidserfaring, evt. FoU-arbeid og kunstnarleg produksjon.

Søkarar utan praktisk-pedagogisk kompetanse kan få tilbod om stillinga under føresetnad å tileigne seg slik kompetanse innan to år.

Arbeidsstaden er på campus ved Høgskulen i Volda.

Arbeidsfelt

Stillinga skal dekke undervisning, rettleiing og fagleg utviklingsarbeid innan medieproduksjon og visuell historiefortelling med levande bilete, særskilt retta mot dokumentar og oppdragsfilm.

Den som vert tilsett vil få emneansvar og det følgjer administrative oppgåver med stillinga mellom anna knytt til dette. Fagleg leiing av bachelorprogrammet i Medieproduksjon og Institutt for film og animasjon roterer mellom dei fagleg tilsette

Vi tilbyr

Eit spennande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: høgskulelektor 1008 frå kr 491 200 – 637 900, førsteamanuensis 1011 frå kr 594 300 – 715 900 og førstelektor 1198 frå kr 615 800 – 702 100

Generell informasjon

Ved Høgskulen i Volda er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.

Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

- Vitnemål og attestar, samla i ei fil

- CV med kontaktinformasjon for referansar

- Inntil 10 vitskaplege arbeid, inkludert hovudfags-/mastergradsoppgåve og ev. doktorgradsavhandling

- Lenke til medieproduksjonar

Dei faglege og pedagogiske kvalifikasjonane til søkjarane blir vurderte av sakkunnig utval. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, vil ligge til grunn i vurderinga.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Dekan Kate Kartveit, tlf.: 70 07 53 04 og
  • Instituttleiar Dag S. Roland, tlf.: 70 07 52 70

Om eininga/avdelinga

Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har landets største mediefagsmiljø med omtrent femti tilsette og over 500 studentar. Avdelinga har blant anna utdanningar i journalistikk, animasjon, medieproduksjon, og PR, kommunikasjon og media. Avdelinga har også̊ ein engelskspråkleg mastergradsutdanning i Master in Media Practices.

Ved bachelor i Medieproduksjon lærer studentane innhaldsproduksjon og historieforteljing med video. Dei utviklar konsept til faktabaserte medieproduksjonar og lærer å planlegge, produsere og distribuere innhald til ulike plattformer. Studiet er akademisk forankra med ein teoretisk del der du lærer å analysere og vurdere medieinnhald.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS