Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i historie / historiedidaktikk
Søknadsfrist: 18.05.2022
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i historie/ historiedidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Bergen, og er ledig i tida 01.08.2022-31.07.2023.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Ein del av arbeidsoppgåvene vil dreie seg om undervisning i eldre historie. Arbeidsoppgåvene vil primært vera knytt grunnskulelærarutdanningane (integrert 5-årig master), men arbeid i andre utdanningar, kurs og oppdrag, kan bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha fullført doktorgrad i historie/historiedidaktikk.For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad med tilsvarande fagleg relevans som for førsteamanuensis.Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det bli aktuelt å tilsette høgskulelektor. Kompetansekravet vil då vera mastergrad i historie eller historiedidaktikk med godt resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen.
Søkar må kunne undervise i eldre historie, og må vidare:
Ha interesse for barn og unge si læring og utvikling
Meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt kunne bruke engelsk skriftleg og munnleg
Ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar og kunne arbeide sjølvstendig
Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Det vil bli vurdert om søkjar er personleg egna for stillinga.
Følgjande vil telje positivt i vurderinga:
Kompetanse i historiedidaktikk
Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt
Relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
Internasjonalt nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
vitskapleg arbeid (inntil 5 stk)
fullstendig publikasjonsliste
attestar og vitnemål
Om vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis, 1198 førstelektor eller 1008 høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.