Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.noHedvig Myklebust
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i norsk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga
Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, og har campus Stord som arbeidsstad.
Oppstart i stillinga er 01.08.2026 eller etter nærmare avtale.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, rettleiing, vurdering, praksisoppfølging og utvikling av studentaktive læringsformer knytt til grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning og etter- og vidareutdanningar, samt masterutdanning. I tillegg vil arbeidsoppgåver knytt til tilskotsordningar og kompetanseutvikling i samarbeid med ulike praksisfelt vere aktuelt.
Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fag,-og utdanningsområde. Fakultetet har ulike strategiske forskingsprogram, og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
Bidra til student- og kollegainvolvering i forskingsprosjekt og i samarbeid med andre aktørar, for eksempel partnarskular/partnarbarnehagar og utvikle studentane si praksisutdanning.
Institusjonsbyggjande arbeid irekna rettleie kollegaer, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
Arbeidsplass er campus Stord, og jamn deltaking i den daglege aktiviteten i faggruppa på campus Stord er forventa.
Reising i stillinga kan bli aktuelt i nokre tilfelle der undervisning bli lagt utanfor campus Stord, og ein må kunne undervise i nettbaserte emne.
For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad, eller ha levert avhandling til vurdering innan søknadsfristen og disputert før tiltreding, i norsk/nordisk litteratur, litteraturdidaktikk, allmenn litteraturvitskap eller eit anna fagområdet med klar relevans for litteratur i lærarutdanning. Doktorgradsarbeidet må vere relevant for utdanningar som fagmiljøet er knytt til. For fast tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse i samsvar med forskrifta, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
Den som blir tilsett, må kunne undervise og rettleie i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanning, også på nett. Det vil bli lagt vekt på didaktisk og pedagogisk kompetanse og dokumentert praksis og forsking- og/eller utviklingsarbeid av didaktisk karakter.
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.
Personlege eigenskapar:
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
Høgt etisk medvit er eit krav.
Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Språkkrav:
Undervisningsspråket er norsk og det blir stilt krav om norskferdigheiter på B-2 nivå. Kompetanse i skandinavisk språk er likestilt med norsk. Kravet er oppfylt dersom søkjar har fullført norsk vidaregåande utdanning med opptak til norsk høgare utdanning, eller dokumenterer bestått språktest på B2-nivå.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
Kompetanse i barne- og ungdomslitteratur
Kunnskap om og erfaring med lese- og skriveopplæring i barnehagen og for 1.‒10. trinn, og særleg begynnaropplæring
Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt innan norsk litteratur, fortrinnsvis relatert til skule og/eller barnehage, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
Erfaring med undervisning i norskfaget i lærarutdanninga
Relevant og nyare erfaring frå barnehage og grunnskule
God kjennskap til norsk skule og barnehage generelt og lærarutdanningane spesielt
Kunnskap om og erfaring med forskingsmetodar relevant for norsk i lærarutdanning
Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT
For stilling som førstelektor skal søkjarar dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.
Sakkunnig vurdering:
Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kvar dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.)
Fullstendig publikasjonsliste
Attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011- førsteamanuensis / 1198 - førstelektor.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending behandlingen av søknadane.