Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i datafag

Søknadsfrist: 09.06.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.


Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.


Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag (IDER) er det største instituttet på Fakultet for ingeiør- og naturvitskap (FIN) med over 100 ansatte fordelt på campusene i Haugesund, Bergen, Førde og Sogndal. IDER tilbyr studieprogram innen automatisering, elkraft, elektronikk, kommunikasjon, dataingeniør og informajonsteknologi. I tillegg leverer vi realfagsundervisning til hele fakultetet. Vi har også en omfattende forskningsaktivitet innenfor programvareutvikling, robotikk og beregningsorientert ingeniørvitenskap, og basert på disse forskningsområdene har vi bygget opp et PhD-program. IDER er har også et bredt samarbeid med bedrifter innen både elektro- og IKT-bransjen over hele Vestlandet, og bidrar med forskning og kandidater til næringslivet i regionen.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap er det ledig en 100% midlertidig stilling som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i datafag

Om stillinga:

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i datafag gjeld for perioden 01.08.2020 - 30.06.2021. Stillinga er knytt til bachelorutdanning innan datafag ved campus Bergen.

Arbeidsstaden er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett skal førebu og undervise kurs i datasystem og nettverk ved Sjøkrigsskolen i Bergen (eksternt oppdrag). Dette inneber også utvikling av eit e-læringsopplegg. Emnet inneheld mange tema og den som skal undervise bør ha kunnskap om og erfaring med:

  • Objektorientert programmering i C++
  • Visual C++ applikasjoner mot internett, databaser og måleutstyr
  • Internett-servere og internett-applikasjoner med javascript eller PHP
  • Datakommunikasjon: TCP/IP-kommunikasjon programmert i C++
  • Objektbaserte datamodeller (UML)
  • Bruk av SQL Server

Det vil også kunne være aktuelt å undervise i kurs i mobil programmering med Android og mobile webapplikasjoner. Aktuelle kandidatar må beherske Androidprogrammering samt verktøy og arbeidsmåter som høyrer til utvikling og utrulling av Androidapplikasjoner. Vidare må kandidaten ha kjennskap til utforming av webapplikasjoner for mobile einingar og prinsipp for kommunikasjon og brukerinteraksjon med slike applikasjonar.

Kvalifikasjonskrav:

Formelle kompetansar:

For stillinga er det krav om mastergrad i informatikk/datafag eller tilsvarande.

  • For tilsetjing som førsteamanuensis er det i tillegg krav om relevant doktorgrad.
  • For tilsetjing som førstelektor er det krav om dokumentert relevant kompetanse på nivå med doktorgrad.

Aktuelle kandidatar må ha brei erfaring innanfor fagområda og teknologiane nemnt over. I tillegg bør kvalifiserte søkjarar ha relevant undervisningserfaring frå vidaregåande skule eller høgare utdanning, formell utdanning i pedagogikk og/eller anna relevant undervisningserfaring (til dømes frå kursverksemd). Undervisningsspråket er norsk, og det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Personlege eigenskapar:

  • Kunne kommunisere godt både skriftleg og muntleg
  • Gode formidlingsevner
  • Evne til samarbeid og til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i datafag er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/ 1198 - førstelektor/ 1008 - høgskulelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Pål Ellingsen, tlf +47 55 58 76 02 eller mobil +47 900 78 958

Søk stilling

Powered by Labrador CMS