Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i vernepleie

Søknadsfrist: 14.10.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialfag ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus.

Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i vernepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap – campus Sogndal

Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking har ledig stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor knytta til bachelorutdanninga i vernepleie ved campus Sogndal.

Stillinga er i hovudsak knytta til bachelorutdanninga i vernepleie, men den som blir tilsett må også pårekne undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.

Instituttet ønskjer å styrke kompetansen innan miljøterapeutisk arbeid, og har eit spesielt behov for kvalifikasjonar innan dette fagområdet.

Arbeidsstad campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde vernepleie og emner knytta til fagseksjonen sine studieprogram
  • Oppfølging og rettleiing av studentar, ferdigheitstrening, evaluering og sensur
  • Bidra til forsking knytta til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofiler
  • Arbeid med internasjonale nettbaserte studier
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes kvalitetsutvikling av utdanningane, studiekoordinering, emneansvar og internasjonaliseringsarbeid
  • Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde vernepleie
  • Delta i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnera

Kvalifikasjonar:

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt ph.d-grad og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse, fortrinnsvis krav om profesjonsutdanning i vernepleie
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområdet og helse- og sosialfagleg profesjonsutdanning, interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse vil bli vektlagt
  • Kunnskap og arbeidserfaring med menneske med funksjonsnedsettingar er ein føresetnad
  • Pedagogisk kompetanse (jf. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings og forskerstillinger)
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
  • God IKT-kompetanse
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning

Personlege eigenskaper:

  • Sjølvstendig og ansvarleg, og med interesse for å utvikle vernepleieutdanninga
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • Evne til å ta initiativ
  • God evne til formidling
  • Fleksibel og løysingsorientert

Kriterier for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet

Undervisningsspråket er norsk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis / 1198 førstelektor / 1008 høgskulelektor

Frå lønn vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar Unni Margrethe Aasen, telefon 57 67 62 36

2) Instituttleiar Svanaug Fjær, telefon 55 58 57 53

Søk stilling

Powered by Labrador CMS