Førsteamanuensis /førstelektor/ høgskulelektor i vernepleie
Søknadsfrist: 10.12.2026
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 100 ansatte og 1300 studenter fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i sosialvitskap, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL)er det ledig to faste 100% stillingar som førsteamanuensis /førstelektor/ høgskulelektor innan vernepleie ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Haugesund
Stillingane er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking.
Stillingane er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga, men ein må og rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.
Det må påreknast noko reiseverksemd til andre campus.
Arbeidsstad er ved campus Haugesund.
Om stillingane
Vi søkar etter to vitskaplege stillingar på deltidsutdanninga bachelor i vernepleie ved campus Haugesund. Vernepleiarutdanninga har fått tildelt nye studieplassar knytt til deltidsutdanninga, og første opptak er hausten 2027. Tildelinga av nye studieplassar medfører at det skal byggjast opp eit fagmiljø knytt til vernepleie ved campus Haugesund. Dei to nytilsette vil ha ei viktig rolle i det arbeidet i samarbeid med andre fagtilsette ved vernepleiarutdanningane i Bergen og Sogndal. Oppbygginga skal skje over tre år.
Ansvars- og arbeidsområde:
Undervisning, ferdigheitstrening, emneansvar, seminarleiing innan vernepleiefaglege emne samt andre relevante fagområde og innan fakultetet sine forskingsprofilar
Vurdering og sensur, rettleiing og oppfølging av studentar, herunder praksisoppfølging
Pedagogisk utviklingsarbeid og vidareutvikling av utdanningstilboda ved instituttet
Bidra i dei ulike faglege institusjonsbyggjande oppgåvene, til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
Bidra til forskings-, utviklings- og formidlingsarbeid med relevans for fagområdet vernepleie, i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
Bidra til utvikling og gjennomføring av utdanningar på tvers av studieprogram, fagmiljø og campusar
Delta i utviklinga av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
For å innfri kvalifikasjonskrav til førsteamanuensis vert det kravd minst:
doktorgrad innan relevant fagområde, eller kompetanse på tilsvarende nivå dokumentert ved vitskapleg arbeid av same omfang og kvalitet
Søkjarar må ha relevant profesjonsutdanning på masternivå eller tilsvarande kompetanse.
Førstelektor
For å innfri kvalifikasjonskrav til førstelektor vert det kravd minst:
høgare grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde
bidrag til fagleg utviklingsarbeid på høgt nivå, i samsvar med internasjonale eller nasjonale standarder innan fagområdet/yrkesfeltet
relevant yrkes- eller undervisningserfaring
Søkere bør fortrinnsvis ha autorisasjon som vernepleiar.
Høgskulelektor
For å innfri kvalifikasjonskrav til universitets- og høgskulelektor vert det kravd minst:
a. høgare grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde
d. relevant yrkes- eller undervisningserfaring
Søkjarar må fortrinnsvis ha profesjonskompetanse og norsk autorisasjon som vernepleiar. Andre relevante profesjonsutdanningar vil og bli vurderte. Søkjarar må normalt ha karakter A eller B på masteroppgåva. Erfaring, kompetanse og forskingsarbeid kan kompensere for karakterkravet. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse vert vektlagt.
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
For aktuelle stillinger gjennomfører HVL bakgrunnssjekk av søkere i samarbeid med ekstern leverandør, for å verifisere opplysninger som framgår av tilgjengelige dokumenter. Bakgrunnssjekk skjer alltid med kandidatens samtykke, og ansettelse i disse stillingene forutsetter gjennomført bakgrunnssjekk. Aktuelle søkere vil motta nærmere informasjon om dette.