LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i RLE

Søknadsfrist: 15.01.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 2 faste stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor i RLE ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Om stillingen:

Stillingane er tilknytta Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag (IPRS) ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Arbeidsplassen er ved campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervising, rettleiing, vurdering, oppfølging av studentar i praksis og utvikling av studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil primært vera knytt til barnehagelærarutdanninga (bachelor) og grunnskulelærarutdanningane (integrert 5 årig master). Arbeid i andre utdanningar, kurs og oppdrag, kan bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Deltaking i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med eit tema som er relevant innanfor kristendomsdelen i KRLE-faget. Graden bør fortrinnsvis være avlagt innanfor faga kristendomskunnskap eller teologi.
  • For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad med tilsvarande fagleg relevans som for førsteamanuensis.
  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
  • Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Søkar må i tillegg dokumentere utdanningsfagleg kompetanse i tråd med føringane i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings-og forskerstillinger:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129/KAPITTEL_2#%C2%A72-2

Følgande teller positivt i vurderinga

  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • FoU-kompetanse innanfor religionsdidaktikk
  • Kompetanse når det gjeld arbeid med digital teknologi i undervisning og forsking.
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Internasjonale faglege nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesing.

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har formell praktisk pedagogisk kompetanse må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsetjingsdato jf. nasjonale rettleiande retningsliner for UH-pedagogisk basiskompetanse, fastsett av Universitets- og høgskulerådet mai 2018.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse:

Førsteamanuensis

Søkarar skal bedømmast, men ikkje bli rangert, på om dei oppfyller følgande krav:

Gjennomført eige program (minimum 200 timer)/relevante kurs og eige praktisk undervisning, og opparbeidt grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing (grunnleggande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå). Ferdigheitene skal dokumenterast i form av ein systematisk og samla framstilling som blir vurdert av HVL.

Dei som ikkje oppfyller krava ved tilsetjing må oppfylle dei innan to år frå tiltreding. HVL tilbyr kurs i utdanningsfagleg kompetanse.

Førstelektor

Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.

Spesielle kvalifikasjonar innanfor undervisning eller annan pedagogisk verksemd vil bli tillagt stor vekt.

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesing

Sakkunnig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillingene som førsteamanuensis/førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198 .

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Britt Randby Theodorsen, assisterande instituttleiar, brt@hvl.no

2) Yvonne Margaretha Wang, faggruppekoordinator RLE, ymw@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS