LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i engelsk lingvistikk og fagdidaktikk

Søknadsfrist: 13.05.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i engelsk lingvistikk og fagdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking med arbeidsstad campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanninga, årsstudium og innanfor etter- og vidareutdanning. Desentralisert undervising og undervising på nett høyrer òg med til arbeidsoppgåvene. Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.
  • Førsteamanuens vil i tillegg kunne bidra inn i Ph.d. utdanninga.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for engelsk lingvistikk og/eller fagdidaktikk og instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid, irekna å rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i engelsk lingvistikk/engelsk fagdidaktikk. Søkjaren må ha dokumentert praktisk-pedagogisk kompetanse i form av gjennomføring av eige program (minimum 200 timar), eller relevante kurs og eiga praktisk undervisning. Søkjaren må ha opparbeidd grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.

For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, innanfor dei same fagområda som for førsteamanuensis. Søkjaren må ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.

Dersom den som vert tilsett ikkje har praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato, jf. nasjonale rettleiande retningslinjer for UH-pedagogisk basiskompetanse, fastsett av Universitets- og høgskolerådet mai 2018.

Den som vert tilsett må kunne undervise i dei sentrale emna i utdanningane instituttet tilbyr, òg på nett. Den som vert tilsett må ha kompetanse innan språk/språkdidaktikk/sosiolingvistikk eller innanfor eit tilsvarande, relevant område.

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner både innan institusjonen og med eksterne samarbeidspartnarar, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. Den som vert tilsett, må vere personleg eigna for stillinga.

Undervisningsspråket er engelsk, og det er krav om høg kompetanse i munnleg og skriftleg engelsk. Arbeids- og administrasjonsspråket ved HVL er norsk, og søkjaren må ha gode kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk. Dersom søkjaren ikkje har denne kompetansen ved tilsetting, vert det forventa at den som vert tilsett tileignar seg kompetanse i norsk tilsvarande B2 (CEFR) i løpet av to år frå tilsettingsdato.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Vitskapleg produksjon, publikasjonar og erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt.
  • Potensiale for framtidig forsking og bidrag til utvikling av fagmiljøet ved fakultetet på sikt.
  • Undervisningserfaring frå grunnskulen og kjennskap til det norske skulesystemet.
  • Erfaring med utvikling av varierte og studentaktive læringsformer.
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju med prøveundervisning.

Sakkunnig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over publikasjonar, og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggjast ved søknaden i fulltekst.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden vert vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane vert sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling.
  • Moglegheit for trening i arbeidstida.

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/1198 - førstelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Tom Rune Kongelf, tlf.: 57 67 63 33 / 990 17 802, e-post: tom.rune.kongelf@hvl.no

2) Fagkoordinator Mari Skjerdal Lysne, tlf.: 57 67 60 62, e-post: mari.skjerdal.lysne@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS