Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan sjukepleie ved fagseksjon for bachelor i sjukepleie

Søknadsfrist: 15.11.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanningane "Helse, funksjon og deltaking" og "Ansvarleg innovasjon og regional utvikling" (Responsible Innovation and regional Development - RESINNREG).


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområdet sjukepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, campus Førde

Om stillinga:

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, fagseksjon for bachelor sjukepleie.

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga i sjukepleie, men ein må også pårekne undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.

Arbeidsstaden er campus Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområda spesialisthelsetenesta og/eller kommunehelsetenesta, og emner knytt til fagseksjonen sine studieprogram
  • bidra til forsking knytt til fagseksjonen sine studieprogram
  • bidra med ulike faglege institusjonsbyggande oppgåver, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgrupper
  • forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområda spesialisthelsetenesta og/eller kommunehelsetenesta
  • delta i utvikling av nye forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering
  • samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnerar

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • autorisasjon som sjukepleiar
  • for tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt ph.d.-grad, og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse innan sjukepleie
  • for tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområdet. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse vil bli vektlagt
  • pedagogisk kompetanse jf. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
  • erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning, pedagogisk utviklingsarbeid og varierte undervisningsformer
  • relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk, i tillegg til engelsk
  • god IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, herunder erfaring med å skaffe ekstern finansiering
  • erfaring med internasjonalt samarbeid

Personlege eigenskapar:

  • gode samarbeidsevner
  • evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • god omstillingsevne
  • initiativrik
  • engasjement og interesse for fagleg utvikling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 / 1198 / 1008 - førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Georg Førland, telefon +47 52 70 26 36 e-post georg.forland@hvl.no

2) Fagseksjonsleiar Anny Aasprang, telefon +47 57 67 76 13e-post anny.aasprang@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS